32352_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32352
Prisauke på drivstoff og smørjemiddel
statistikk
2008-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Prisauke på drivstoff og smørjemiddel

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,3 prosent frå april 2008 til mai 2008. Det var prisauke på drivstoff og smørjemiddel som medverka mest til å trekkje HKPI opp, medan lågare prisar på elektrisitet og flybillettar verka i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 106,1 (2005=100) i mai 2008, samanlikna med 103,2 same månad i fjor. Dette tilsvarer ein tolvmånadersvekst på 2,8 prosent i mai i år, medan den var 2,7 prosent i april. Sjå fleire detaljar .

EØS, EU og Euro-området

I april 2008 blei HKPI for EU og EØS notert til høvesvis 108,1 og 108,0, medan den for euro-området blei 107,6. Tolvmånadersveksten i HKPI for EU og for EØS var 3,6 prosent. For euro-området var den 3,3 prosent. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i euro-området til 3,6 prosent for mai 2008.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Mars 2007-mars 2008 April 2007-april 2008 Mai 2007-mai 2008
Noreg 2,8 2,7 12,8
Island 6,8 10,7  
Sverige 3,2 3,2  
Danmark 3,3 3,4  
Finland 3,6 3,3  
Tyskland 3,3 2,6  
Storbritannia 2,5 3,0  
EøS 3,7 13,6  
EU 3,8 13,6  
Euro-området 3,6 13,3  
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.