Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI opp 0,1 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,1 prosent frå juli til august 2008. Høgare prisar på elektrisitet bidrog mest til oppgangen. Lågare prisar på transport, matvarer og klede dempa auken i HKPI.
HKPI for Noreg var 107,0 (2005=100) i august 2008, samanlikna med 102,8 i same månaden i fjor. Dette svarer til ein vekst på 4,1 prosent sidan august i fjor. Tolvmånadersveksten i juli 2008 var 3,9 prosent. Sjå fleire detaljar .
I juli 2008 blei HKPI for EU og EØS notert til 109,1, medan den for euroområdet var 108,5. Tolvmånadersveksten i HKPI var for EU 4,4 prosent, for EØS 4,5 prosent, og for euroområdet var den 4,0 prosent. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i euroområdet til 3,8 prosent for august 2008.
Juni 2007-juni 2008 | Juli 2007-juli 2008 | August 2007-august 2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 3,0 | 3,9 | 14,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 12,5 | 13,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 4,1 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 4,2 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 4,3 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 3,4 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 3,8 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 4,3 | 14,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 4,3 | 14,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euro-området | 4,0 | 14,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15