Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Høgare inflasjon i Noreg enn i Euro-landa
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg auka med 0,3 prosent frå september til oktober 2008. I Noreg er tolvmånadersveksten i HKPI 5,1 prosent, medan i Euro-området er den på førehand estimert til 3,2 prosent for oktober.
HKPI for Noreg var 108,8 (2005=100) i oktober 2008, samanlikna med 103,5 i same månad i fjor. Dette tilsvarer ein vekst på 5,1 prosent siden oktober i fjor. Tolvmånadersveksten i september 2008 var på 4,8 prosent. Den viktigaste faktoren bak oppgangen i HKPI var prisauke på elektrisitet, medan prisane på bensin og flyreiser trakk i motsatt retning. Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EØS, EU og ØMU for september
I september 2008 ble HKPI for EU og EØS notert til 109,3, medan den for Euro-området (ØMU- den økonomiske monetære union) var 108,5. Tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS var 4,2 prosent, og for ØMU var den 3,6 prosent.
Tolvmånadersveksten for bustad, lys og brensle var på 12,9 prosent i Noreg, medan den var 6,2 prosent i ØMU. Både i Noreg og i ØMU var elektrisitet ein svært viktig faktor bak denne oppgangen. I ØMU har prisane på gass og flytande brensle auka kraftig. Gassprisar inngår ikkje i norsk HKPI da det er lite vanleg i hushalda, medan fyringsolje viser kraftig auke også her.
Detaljerte oktobertal blir publisert på Eurostat sine heimesider 14. november.
August 2007-
august 2008 |
September 2007-
september 2008 |
Oktober 2007-
oktober 2008 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 4,1 | 4,8 | 15,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 15,3 | 15,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 4,1 | 4,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 4,8 | 4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 4,6 | 4,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 3,3 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 4,7 | 5,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 4,3 | 14,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 4,3 | 14,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euro-området | 3,8 | 13,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15