Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fall i HKPI
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg sank med 0,4 prosent frå desember 2008 til januar 2009. Lågare prisar på matvarer og sesongmessig sal på klede bidrog mest til nedgangen. Prisauke på kjøp av eigne transportmiddel og drivstoff drog i motsett retning.
HKPI for Noreg var 107,3 (2005=100) i januar 2009, samanlikna med 104,6 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for januar på 2,6 prosent, det same som i desember. Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EØS, EU og Euro-området
Førebelse tal for desember 2008 viser at HKPI for EU og EØS var 108,8. For Euro-området var HKPI 107,9. Tolvmånadersveksten i HKPI var 2,2 prosent for både EU og EØS, medan han var 1,6 prosent for Euro-området. I Euro-området er tolvmånadersveksten på førehand estimert til 1,1 prosent for januar.
Detaljerte tal for januar inkludert vekter blir publiserte på Eurostat sine heimesider 27. februar.
November 2007-november 2008 | Desember 2007-desember 2008 | Januar 2008-januar 2009 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 3,3 | 2,6 | 12,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 19,8 | 21,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 2,4 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 2,8 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 3,5 | 3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1,4 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 4,1 | 2.. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 2,8 | 12,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 2,8 | 12,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euro-området | 2,1 | 11,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
2 | Ikkje tilgjengeleg. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15