32274_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32274
Auke i HKPI
statistikk
2009-05-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksapril 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,4 prosent frå mars til april 2009. Høgare prisar på drivstoff og bøker medverka mest til å trekkje HKPI opp, medan lågare prisar på elektrisitet bidrog mest til å dempe oppgangen.

HKPI for Noreg var 108,9 (2005=100) i april 2009 mot 105,8 i den same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for april på 2,9 prosent, opp 0,3 prosentpoeng frå mars.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2009 viser at HKPI for EU og EØS var 109,0. For euroområdet var HKPI 107,8. Tolvmånadersveksten i HKPI var 1,3 prosent for EU og EØS samt 0,6 prosent for euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten på førehand estimert til 0,6 prosent for april.

Detaljerte tal for april blir publiserte på Eurostat sine heimesider 15. mai.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Februar 2008-februar 2009 Mars 2008-mars 2009 April 2008-april 2009
Noreg 2,8 2,6 12,9
Island 21,6 19,9  
Sverige 2,2 1,9  
Danmark 1,7 1,6  
Finland 2,7 2,0  
Tyskland 1,0 0,4  
Storbritannia 3,2 2..  
EøS 1,9 11,3  
EU 1,8 11,3  
Euroområdet 1,2 10,6 10,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.