32247_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32247
Sterk auke i HKPI
statistikk
2010-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. februar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 1,5 prosent frå januar til februar 2010. Prisane på elektrisitet og flyreiser auka mest, medan prisane på bøker gjekk ned.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 111,8 (2005=100) i februar 2010, mot 108,4 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for februar på 3,1 prosent, ein oppgang på 0,4 prosentpoeng frå januar.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for januar 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 109,9 og 110,0, medan HKPI for euroområdet var 108,1. Tolvmånadersveksten i HKPI i januar var 1,7 prosent for både EU og EØS, medan veksten i euroområdet var på 1,0 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for februar 2010 på førehand estimert til 0,9 prosent.

Detaljerte tal for januar blir publiserte på Eurostat sine heimesider 16. mars.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Desember 2008-desember 2009 Januar 2009-januar 2010 Februar 2009-februar 2010
Noreg 2,4 2,7 13,1
Island 11,3 10,6  
Sverige 2,8 2,7  
Danmark 1,2 1,9  
Finland 1,8 1,6  
Tyskland 0,8 0,8  
Storbritannia 2,9 3,5  
EøS 1,5 11,7  
EU 1,5 11,7  
Euroområdet 0,9 11,0 10,9
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.