Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI ned 0,5 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,5 prosent frå april til mai 2010. Prisane på elektrisitet stod for mesteparten av nedgangen.
HKPI for Noreg var 112,0 (2005=100) i mai 2010, mot 109,2 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for mai på 2,6 prosent, ein nedgang på 0,8 prosentpoeng frå april.
Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EU, EØS og euroområdet
Førebelse tal for april 2010 viser at HKPI for både EU og EØS var 111,6, medan HKPI for euroområdet var 109,9. Tolvmånadersveksten i HKPI i april var 2,0 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,5 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for mai 2010 på førehand estimert til 1,6 prosent.
Detaljerte tal for mai vert publiserte på Eurostats heimeside 16. juni.
Mars 2009-mars 2010 | April 2009-april 2010 | Mai 2009-mai 2010 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 3,6 | 3,4 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 11,6 | 11,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 2,5 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 2,1 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 1,5 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1,2 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 3,4 | 2: | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 1,9 | 12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 1,9 | 12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euroområdet | 1,4 | 11,5 | 11,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
2 | Ikkje tilgjengeleg. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15