32239_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32239
Svak nedgang i HKPI
statistikk
2010-07-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. juni 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,1 prosent frå mai til juni 2010. Prisane på elektrisitet og klede fall mest, medan prisane på flyreiser steig.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 111,9 (2005=100) i juni 2010, mot 109,9 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for juni på 1,8 prosent, ein nedgang på 0,8 prosentpoeng frå mai.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mai 2010 viser at HKPI for EU og EØS var respektive 111,8 og 111,9, medan HKPI for euroområdet var 110,0. Tolvmånadersveksten i HKPI i mai var 2,0 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,6 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for juni 2010 på førehand estimert til 1,4 prosent.

Detaljerte tal for juni vert publiserte på Eurostats heimesider 16. juli.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  April 2009-april 2010 Mai 2009-mai 2010 Juni 2009-juni 2010
Noreg 3,4 2,6 1,8
Island 11,1 10,0  
Sverige 2,1 1,9  
Danmark 2,4 1,9  
Finland 1,6 1,4  
Tyskland 1,0 1,2  
Storbritannia 3,7 3,4  
EøS 2,1 12,0  
EU 2,0 12,0  
Euroområdet 1,5 11,6 11,4
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.