32237_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32237
Nedgang i HKPI
statistikk
2010-08-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. juli 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,6 prosent frå juni til juli 2010. Prisane på klede og flyreiser fall mest, medan prisane på matvarer steig.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 111,2 (2005=100) i juli 2010, mot 109,2 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for juli på 1,8 prosent, det same som for juni.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juni 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 111,9, medan HKPI for euroområdet var 110,0. Tolvmånadersveksten i HKPI i juni var 1,9 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,4 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for juli 2010 på førehand estimert til 1,7 prosent.

Detaljerte tal for juli vert publiserte på Eurostat sine heimesider 16. august.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Mai 2009-mai 2010 Juni 2009-juni 2010 Juli 2009-juli 2010
Noreg 2,6 1,8 11,8
Island 10,0 7,6  
Sverige 1,9 1,6  
Danmark 1,9 1,7  
Finland 1,4 1,3  
Tyskland 1,2 0,8  
Storbritannia 3,4 3,2  
EøS 2,0 11,9  
EU 2,0 11,9  
Euroområdet 1,6 11,4 11,7
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.