Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fall på 0,8 prosent i HKPI
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,8 prosent frå desember 2010 til januar 2011. Reduserte prisar på klede medverka mest til nedgangen, medan prisane på alkohol og tobakk steig mest.
HKPI for Noreg var 112,4 (2005=100) i januar 2011, mot 110,2 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for januar på 2,0 prosent, ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå desember.
Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EU, EØS og euroområdet
Førebelse tal for desember 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 113,3, medan HKPI for euroområdet var 111,3. Tolvmånadersveksten i HKPI i desember var 2,6 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 2,2 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for januar 2011 på førehand berekna til 2,4 prosent.
Detaljerte tal for januar vert publiserte på Eurostat sine heimesider 28. februar.
November 2009-november 2010 | Desember 2009-desember 2010 | Januar 2010-januar 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 1,5 | 2,7 | 12,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 3,8 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 1,7 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 2,5 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 2,4 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1,6 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 3,3 | 2: | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 2,3 | 12,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 2,3 | 12,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euroområdet | 1,9 | 12,2 | 12,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
2 | Ikkje tilgjengeleg. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Nye vekter i HKPI i 2011Frå og med januarindeksen 2011 har harmonisert konsumprisindeks for Noreg eit nytt vektgrunnlag. Dette grunnlaget er basert på nasjonalrekneskapen, nærmare bestemt tal for konsum i hushaldet. I KPI er juli erstatta med desember som prisreferansemånad, og vert dermed samanfallende med HKPI. Vare- og tenesteutvalet i KPI og HKPI er også revidert og oppdatert. I HKPI er dette så godt som fullt harmonisert med utvalet i KPI, men unntak av berekna husleige som visar bustadkonsumet for sjølveigarar (utgjer omkring 12 prosent av KPI), som ikkje er med i HKPI. I tillegg er lotteri- og totalisatorspel, livsforsikring og indirekte betalte finansielle tenester (FISIM) og utelata frå HKPI. Dette konsumet utgjer omkring 5 prosent av KPI. Les meir her. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15