53496_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
53496
HKPI opp 0,5 prosent
statistikk
2011-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. februar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,5 prosent frå januar til februar 2011. Auken i pris på matvarer og flyreiser medverka mest til oppgangen, medan reduserte prisar på bøker og elektrisitet drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 113,0 (2005=100) i februar 2011, mot 111,8 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for februar på 1,1 prosent, ein nedgang på 0,9 prosentpoeng frå januar.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for januar 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 112,9 og 113,0, medan HKPI for euroområdet var 110,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i januar var 2,7 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 2,3 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for februar 2011 på førehand berekna til 2,4 prosent.

Detaljerte tal for februar vert publiserte på Eurostat sine heimesider 16. mars.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Desember 2009-desember 2010 Januar 2010-januar 2011 Februar 2010-februar 2011
Noreg 2,7 2,0 11,1
Island 3,5 2,2  
Sverige 2,1 1,4  
Danmark 2,8 2,6  
Finland 2,8 3,1  
Tyskland 1,9 2,0  
Storbritannia 3,7 4,0  
EøS 2,7 12,7  
EU 2,7 12,7  
Euroområdet 2,2 12,3 12,4
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.