53498_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
53498
HKPI opp 0,4 prosent
statistikk
2011-04-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mars 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,4 prosent frå februar til mars 2011. Auke i prisane på klede og skotøy medverka mest til oppgangen, medan reduserte prisar på elektrisitet og matvarer drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 113,4 (2005=100) i mars 2011, mot 112,4 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for mars på 0,9 prosent, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå februar.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 113,4, medan HKPI for euroområdet var 111,0. Tolvmånadersveksten i HKPI i februar var 2,8 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 2,4 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for mars 2011 på førehand berekna til 2,6 prosent.

Detaljerte tal for mars vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. april 2011.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Januar 2010-
januar 2011
   Februar 2010-
februar 2011
   Mars 2010-
mars 2011
Noreg 2,0 1,1 10,9
Island 2,2 2,3  
Sverige 1,4 1,2  
Danmark 2,6 2,6  
Finland 3,1 3,5  
Tyskland 2,0 2,2  
Storbritannia 4,0 2:  
EøS 2,7 12,8  
EU 32,8 12,8  
Euroområdet 2,3 12,4 12,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
3  Reviderte tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.