32229_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
32229
HKPI steig 0,2 prosent
statistikk
2010-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. november 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI steig 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,2 prosent frå oktober til november 2010. Prisane på energivarer medverka mest til auka, medan prisane på matvarer fall.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 111,8 (2005=100) i november 2010, mot 110,1 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for november på 1,5 prosent, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå oktober.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EøS og euroområdet

Førebelse tal for oktober 2010 viser at HKPI for EU og EøS var 112,4, medan HKPI for euroområdet var 110,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i oktober var 2,3 prosent både for EøS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,9 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for november 2010 på førehand berekna til 1,9 prosent.

Detaljerte tal for november vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. desember.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
September 2009-september 2010 Oktober 2009-oktober 2010 Novemberr 2009-november 2010
Noreg 1,4 1,7 11,5
Island 5,1 4,6
Sverige 1,5 1,6
Danmark 2,5 2,4
Finland 1,4 2,3
Tyskland 1,3 1,3
Storbritannia 3,1 2:
EøS 2,2 12,3
EU 2,2 12,3
Euroområdet 1,8 11,9 11,9
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.