Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI opp 1,2 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 1,2 prosent frå januar til februar i 2012. Høgare prisar på elektrisitet og matvarer medverka mest til å trekkje HKPI opp, medan lågare prisar på teletenester og bøker bidrog til å dempe oppgangen.
HKPI for Noreg var 114,1 (2005=100) i februar 2012, mot 113,0 i same månaden 2011. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst på 1,0 prosent for februar, ein oppgang på 0,7 prosentpoeng frå januar.
Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EU, EØS og euroområdet
Førebelse tal for januar 2012 viser at HKPI for EU og EØS var 116,2. HKPI for euroområdet var 113,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i januar var 2,9 prosent for EU og EØS, medan veksten i euroområdet var på 2,6 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten på førehand berekna til 2,7 prosent for februar 2012.
Detaljerte tal for februar vert publiserte på Eurostats heimesider 14. mars.
Desember 2010-desember 2011 | Januar 2011-januar 2012 | Februar 2011-februar 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | -0,1 | 0,3 | 11,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 5,3 | 6,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 0,4 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 2,4 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 2,6 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 2,3 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 4,2 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 3,0 | 12,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 3,0 | 12,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euroområdet | 2,7 | 22,6 | 12,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
2 | Reviderte tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15