90339_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
90339
HKPI opp 0,1 prosent
statistikk
2012-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. november 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,1 prosent frå oktober til november 2012. Høgare prisar på elektrisitet medverka til å trekke HKPI opp, medan lågare prisar på flyreiser bidrog til å dempe oppgangen.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 114,1 (2005=100) i november 2012, mot 113,1 i den same månaden i 2011. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 0,9 prosent for november, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå oktober.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for oktober 2012 viser at HKPI for både EU og EØS var 119,3, medan HKPI for euroområdet var 116,7. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS var 2,6 prosent i oktober. I euroområdet var veksten 2,5 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,2 prosent for november.

Detaljerte tal for november vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 14. desember.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  September 2011-
september 2012
Oktober 2011-
oktober 2012
November 2011-
november 2012
Noreg 0,1 0,8 10,9
Island 5,3 5,1  
Sverige 1,0 1,2  
Danmark 2,5 2,3  
Finland 3,4 3,5  
Tyskland 2,1 2,1  
Storbritannia 2,2 2,7  
EøS 22,7 12,6  
EU 2,7 12,6  
Euroområdet 2,6 12,5 12,2
1  Førebelse tal.
2  Reviderte tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.