92382_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
92382
HKPI opp 0,7 prosent
statistikk
2013-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. april 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,7 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,7 prosent frå mars til april 2013. Høgare prisar på matvarer og bøker medverka til å trekkje HKPI opp, medan lågare prisar på drift og vedlikehald av transportmiddel bidrog til å dempe oppgangen.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Februar 2013Mars 2013April 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for april 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for mars 2013
Noreg0,61,11,8
Island6,24,5...
Sverige0,50,5...
Danmark1,00,7...
Finland2,52,5...
Tyskland1,81,8...
Storbritannia2,8......
EØS2,01,9...
EU2,01,9...
Euroområdet1,81,71,2
Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 116,1 (2005=100) i april 2013, opp frå 114,0 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for april, som er ein oppgang på 0,7 prosentpoeng frå mars 2013.

For meir informasjon om apriltala, sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2013 viser at HKPI for både EU og EØS var 120,2, medan HKPI for euroområdet var 117,5. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var 1,9 prosent for både EU og EØS i mars. For euroområdet var den 1,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,2 prosent for april 2013.

Detaljerte tal for april vert publiserte av Eurostat 16. mai.