Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI ned 0,3 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,3 prosent frå mai til juni 2014. Lågare prisar på møbler, matvarer, flyreiser og elektrisitet drog HKPI ned, medan høgare prisar på teletenester drog HKPI i motsett retning.
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring | |||
---|---|---|---|
April 2014 | Mai 20141 | Juni 20141 | |
1Tal med stjerne er førebelse tal. | |||
Noreg | 1,5 | 1,6 | 1,8 |
Island | 1,3 | 1,1 | ... |
Sverige | 0,3 | 0,1 | ... |
Danmark | 0,5 | 0,3 | ... |
Finland | 1,3 | 1,0 | ... |
Tyskland | 1,1 | 0,6 | ... |
Storbritannia | 1,8 | ... | ... |
EØS | 0,8 | 0,6 | ... |
EU | 0,8 | 0,6 | ... |
Euroområdet | 0,7 | 0,5 | 0,5 |
HKPI for Noreg var 117,5 (2005=100) i juni 2014, mot 115,4 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for juni, opp 0,2 prosentpoeng frå mai.
For meir informasjon om junitala, sjå konsumprisindeksen.
EU, EØS og euroområdet
Førebelse tal for mai 2014 viser at HKPI var 121,1 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,1 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i mai var 0,6 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,5 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,5 prosent for juni 2014.
Detaljerte tal for mai vert publiserte av Eurostat 17. juli.
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15