158049_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158049
HKPI opp 0,7 prosent
statistikk
2014-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksseptember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,7 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,7 prosent frå august til september 2014. Høgare prisar på klede, møbler og elektrisitet drog HKPI opp, medan lågare prisar på matvarer drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juli 2014August 20141September 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,21,92,1
Island2,32,3...
Sverige0,40,2...
Danmark0,50,3...
Finland1,01,2...
Tyskland0,80,8...
Storbritannia1,61,5...
EØS0,60,5...
EU0,50,5...
Euroområdet0,40,40,3
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 118,8 (2005=100) i september 2014, mot 116,4 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,1 prosent for september, opp 0,2 prosentpoeng frå august.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om septembertala .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for august 2014 viser at HKPI var 120,7 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,6 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i august var 0,5 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,4 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,3 prosent for september 2014.

Detaljerte tal for september vert publiserte av Eurostat 16. oktober.