Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i prisane på oljeprodukt
Råolje og raffinerte oljeprodukt hadde ein kraftig prisauke frå juni til juli. Dette var hovudårsaka til at totalindeksen auka med 0,6 prosent. Tolvmånadersauka (juli 1998 til juli 1999) var på 1,7 prosent.
Gruppa brenselstoff, brenselolje og elektrisk kraft hadde ein prisauke på 4 prosent frå førre månad. Auka råoljeprisar i juli saman med auka prisar på raffinerte produkt er viktige forklaringar. Den sterkaste auken skjer på importmarknaden.
Fleire av grønsakene har sesongstart denne månaden, og dette bidreg positivt på totalindeksen. Produkt som kvitkål, tomat, blomkål og poteter har alle prisauke no.
Prisnedgang på enkelte matvarer dempa auken i totalindeksen noko. Det er framleis store overskott av svin i marknaden, og prisane fell framleis. Det har vore nedgang i prisane for enkelte fiskeprodukt. Også lågare prisar på importert frukt trekte i same retning.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94