12700_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12700
Auka prisar på brenselsstoff
statistikk
2000-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. februar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka prisar på brenselsstoff

Totalindeksen steig med 0,6 prosent frå januar til februar. Det var gruppa brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft som hadde den kraftigaste auken. Dei fleste andre gruppene viste også ein auke. 12-månadersendringa gjekk med dette opp frå 4,1 til 4,6 prosent.

Trass i signal frå leiande OPEC-land om at dei vil auke produksjonen av olje i tida framover, steig den gjennomsnittlege råoljeprisen på London Spot Markets med meir enn 11 prosent (målt i NOK) frå januar til februar. Saman med høgare prisar på dei raffinerte oljeprodukta, ga dette ein auke på 2,3 prosent i gruppa brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft. Den største auken kom frå importen. 12-månadersendringa i denne gruppa gjekk opp frå 22,0 til 25,6 prosent.

Auke i prisane på matvarer og levande dyr

Gruppa matvarer og levande dyr har for første gong sidan mai i fjor ein liten auke. Auken på 0,2 prosent kjem hovudsakleg av høgare prisar på frukt og grønsaker. På grunn av kraftigare prisauke i same periode i fjor, gjekk 12-månadersendringa likevel ned frå minus 1,6 prosent til minus 2,0 prosent.

Det var også auke i dei andre gruppene, med unntak for gruppa dyre- og plantefeitt. Den kraftigaste stigninga var i gruppa kjemikaliar, der auken var på 0,7 prosent.

Gruppert etter sluttbruk

Varer til konsum hadde ein auke på 0,2 prosent, medan 12-månadersendringa gjekk ned frå 2,0 til 1,8 prosent. Varer til investering hadde ein liten auke på 0,1 prosent, noko som førte til at 12-månadersendringa gjekk ned frå 0,6 til 0,5 prosent.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 1981=100
    Endring i prosent
  Februar
2000
Januar 2000-
februar 2000
Februar 1999-
februar 2000
Desember-februar 1999-2000 -
desember-februar 1998-1999
Totalindeks 180,7 0,6 4,6 4,2
Matvarer og levande dyr 175,6 0,2 -2,0 -2,0
Drikkevarer og tobakk 274,4 0,1 3,7 4,4
Råvarer, ikkje etande, unnt. brenselsstoff 158,5 0,4 3,3 3,3
Brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft 176,9 2,3 25,6 23,1
Dyre- og plantefeitt, voks 175,7 -3,8 -5,0 -2,0
Kjemikaliar 170,9 0,7 3,0 2,3
Bearbeidde varer 178,0 0,1 1,3 0,9
Maskiner og transportmidlar 185,0 0,4 1,1 1,2
Ulike ferdigvarer 196,7 0,3 2,9 2,6