12688_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12688
Auka prisar på brenselsstoff
statistikk
2000-06-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka prisar på brenselsstoff

Totalindeksen auka med 0,3 prosent frå førre månad. Det var størst endring i importprisane, spesielt på brenselsstoff og einskilde råvarer. Prisen på brenselsstoff auka med 0,6 prosent. 12-månadersendringa totalt auka frå 4,0 prosent i april til 4,2 prosent i mai.

Både importprisar og prisar på heimemarknaden medverka då prisane på raffinerte oljeprodukt som til dømes bensin, auka frå april til mai. Også andre oljeprodukt hadde ein auke, og indeksen for denne gruppa gjekk frå ein nedgang i april på 3,9 prosent til ein oppgang denne månaden. Gruppa råvarer auka med 1,4 prosent, noko som i all hovudsak kjem av auke i importprisane. Frå mars til april var auken på 0,7 prosent. Prisane på heimemarknaden gjekk også opp, men ikkje like sterkt. 12-månadersendringa viste auke i begge gruppene.

Matvarar og levande dyr

Gruppa totalt auka med 0,4 prosent frå april til mai, noko høgare enn førre månad, da auken var 0,3 prosent. Prisane innan denne gruppa varierte mykje denne gongen der noko er klårt sesongprega. Også i denne gruppa var dei største endringane i importprisane. 12-månadersendringa har vore negativ sidan mai i fjor. I mai låg prisane 1,1 prosent lågare enn på same tid i fjor. I april var nedgangen på 1,2 prosent.

Gruppert etter sluttbruk

Varer til konsum hadde ein prisauke på 0,4 prosent, medan 12-månadersendringa gjekk frå 1,8 til 1,9 prosent. Varer til investering hadde ein auke på 0,3 prosent, noko som førte til at 12-månadersendringa gjekk frå 0,8 til 1,0 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innenlands. 1981=100
  Mai 2000 Endring i prosent
  April 2000-
mai 2000
Mai 1999-
mai 2000
Januar-mai 1999-
januar-mai 2000
Totalindeks 182,0 0,3 4,2 4,4
Matvarer og levande dyr 177,6 0,4 -1,1 -1,5
Drikkevarer og tobakk 274,0 -0,1 3,4 3,6
Råvarer, ikkje etande, unnt. brenselsstoff 167,1 1,4 8,4 5,6
Brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft 174,0 0,6 15,5 20,5
Dyre- og plantefeitt, voks 173,3 -1,8 -2,4 -2,4
Kjemikaliar 173,5 -0,1 4,3 3,4
Bearbeidde varer 180,7 0,3 3,0 2,0
Maskiner og transportmidlar 185,6 0,2 1,3 1,1
Ulike ferdigvarer 197,7 0,1 2,6 3,0