12677_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12677
Høgare prisar på brenselsstoff
statistikk
2000-09-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. august 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på brenselsstoff

Totalindeksen gjekk opp med 0,2 prosent frå juli til august - med høgare prisar på raffinerte oljeprodukt som ein viktig faktor bak utviklinga. 12-månadersendringa i totalindeksen (august 1999-august 2000) blei 4,1 prosent som førre månad.

Prisane på brenselsstoff hadde også denne månaden medverka til veksten i totalindeksen. Frå juli til august hadde gruppa brenselsstoff, brenselolje og elektrisk kraft ein auke på 1,0 prosent. Det var først og fremst auke i prisane ved import av raffinerte oljeprodukt som drog opp. 12-månadersendringa i gruppa gjekk likevel ned frå 11,1 til 10,7 prosent.

Billigare matvarer

Prisane på matvarer fall med 0,8 prosent frå juli til august. Det blei registrert lågare prisar på frukt og grønsaker i heimemarknaden. Også prisane på importerte matvarer viste nedgang. I same periode i fjor gjekk matvareprisane ned med 0,7 prosent. Dette førte til at 12-månadersendringa i år fall frå 0,2 prosent i juli til 0,1 i august.

Lågare prisar på varer til konsum

Varer til konsum gjekk ned med 0,3 prosent frå juli til august etter ein auke på 0,2 prosent førre periode. 12-månadersendringa i august var 1,9 prosent ned frå 2,2 prosent i juli. For gruppa investeringsvarer auka prisane med 0,2 prosent, svakt opp jamført med juni til juli. 12-månadersendringa var på 1,2 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 1981=100
  August 2000 Endring i prosent
  Juli 2000-
august 2000
August 1999-
august 2000
Januar-august 1999 -
januar-august 2000
Totalindeks 183,5 0,2 4,1 4,3
Matvarer og levande dyr 177,5 -0,8 0,1 -1,0
Drikkevarer og tobakk 274,1 - 3,5 3,5
Råvarer, ikkje etande, unnateke brenselsstoff 171,9 -0,1 10,8 7,6
Brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft 176,8 1,0 10,7 17,4
Dyre- og plantefeitt, voks 170,4 -1,7 -6,7 -3,6
Kjemikaliar 173,2 -0,1 4,5 3,9
Bearbeidde varer 182,9 0,5 4,1 2,6
Maskiner og transportmidlar 186,6 0,2 1,5 1,3
Ulike ferdigvarer 198,4 0,3 2,3 2,7