12665_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12665
Dyrare matvarer, billegare brenselsstoff
statistikk
2000-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. november 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Dyrare matvarer, billegare brenselsstoff

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands auka med 0,1 prosent frå oktober til november. 12-månadsendringa (november 1999-november 2000) fall frå 4,7 prosent i oktober til 4,2 prosent i november.

Prisane på matvarer og levande dyr auka med 0,4 prosent frå oktober til november. Dette kjem hovudsakeleg av ein prisauke på kjøtt og kjøttvarer særleg storfekjøtt og frukt og grønsaker. 12-månadsendringa i denne gruppa auka dermed frå 1,0 prosent i oktober til 1,4 prosent i november.

Billegare brenselsstoff

Sjølv om prisen på råolje (Brent Blend) har auka med nesten 3 prosent (målt i norske kroner) frå førre månaden, har indeksen for gruppa brenselsstoff, brenselolje og elektrisk kraft gått ned med 0,3 prosent. Hovudårsaka til dette er ein nedgang i prisane på raffinerte oljeprodukt. På London Spot Markets har til dømes prisen på blyfri bensin gått ned med nesten 10 prosent, og tung fyringsolje var om lag 8 prosent billegare i november enn i oktober. 12-månadsendringa for denne gruppa gjekk frå 14,8 prosent i oktober til 10,9 prosent i november.

Prisane i gruppa maskiner og transportmiddel steig med 0,2 prosent for andre månad på rad. I dei andre gruppene var det berre mindre endringar.

Ingen endring i prisar på varer til konsum

Prisane på varer til konsum var uendra frå oktober til november, og det var heller ingen endring i 12-månadsendringa. For varer til investering var det ein auke på 0,1 prosent, det same som førre månaden. 12-månadsendringa steig med det frå 1,2 prosent i oktober til 1,4 prosent i november.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 1981=100
  November 2000 Endring i prosent
  Oktober 2000-
november 2000
November 1999-
november 2000
Januar-november 1999 -
januar-november 2000
Totalindeks 185,5 0,1 4,2 4,4
Matvarer og levande dyr 178,4 0,4 1,4 -0,4
Drikkevarer og tobakk 278,3 - 3,3 3,5
Råvarer, ikkje etande, unnateke brenselsstoff 173,1 0,2 10,5 8,3
Brenselsstoff, brenselsolje og elektrisk kraft 185,7 -0,3 10,9 16,1
Dyre- og plantefeitt, voks 166,2 -2,8 -6,7 -4,1
Kjemikaliar 172,9 0,2 2,4 3,5
Bearbeidde varer 182,9 -0,1 3,5 3,0
Maskiner og transportmiddel 187,3 0,2 2,1 1,4
Ulike ferdigvarer 198,4 0,1 1,9 2,5