Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høgare prisar på energiprodukt
Totalindeksen steig med 2,0 prosent frå januar til februar. Størst endring var å finne i gruppa for brenselstoff, smøreoljar og elektrisk straum.
12-månadersendringa (februar 2000-februar 2001) til totalindeksen gjekk frå 5,6 prosent i januar til 6,0 prosent i februar.
Prisutvikling frå januar til februar
I denne perioden auka prisane i dei fleste hovudgruppene. Prisane på brenselstoff, smøreoljar og elektrisk straum auka 7,9 prosent. Hovudårsaka til auken var gruppa mineralolje og mineraloljeprodukt kor prisane gjekk opp 7,5 prosent. I tillegg auka prisane på elektrisk straum med 14,1 prosent. Produkter i gruppa bearbeidde varer gruppert etter materiale auka med 0,7 prosent. Denne oppgangen skuldast i første rekkje høgare prisar på papir, papp og varer derav, samt varer av tre og kork.
Den største nedgangen kom frå maskiner og transportmidlar som gjekk ned 0,7 prosent. I tillegg gjekk prisane på råvarer ned 1,1 prosent.
12-månadersendringa
12-månadersendringa til totalindeksen vart 6,0 prosent i februar. Prisane på brenselstoff, smøreoljar og elektrisk straum auka 8,7 prosent. Hovudårsaka til dette var ein prisauke på 4,7 prosent i prisane på petroleum og petroleumsprodukt, samt at prisen på elektrisk straum steig 21,6 prosent. Prisen på råvarer auka med 15,8 prosent. Bak dette låg ein merkbar auke i prisane på malmar og avfall av metall.
Utviklinga i 12-månadersendringa
12-månadersendringa gjekk frå 5,6 prosent i januar til 6,0 prosent i februar. Prisoppgangen skuldast i stor grad høgare prisar på matvarer, kor prisen i tillegg sokk i same periode i fjor. Størst bidrag kom frå kjøtt og kjøttvarer, samt frukt og grønsaker.
Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100 |
Februar 2001 |
Endring i
prosent |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar-
februar 2001 |
Februar 2000-
februar 2001 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 101,97 | 2,0 | 6,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levande dyr | 102,93 | 0,2 | 4,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 99,84 | -1,3 | 0,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikkje spiselege) ekskl. brenselsstoffer | 102,72 | -1,1 | 15,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselstoffer, smøreoljar, elektrisk straum | 98,57 | 7,9 | 8,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkt | 102,74 | 0,8 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bearbeidde varer | 103,22 | 0,7 | 5,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmidlar | 100,78 | -0,7 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskjellege ferdige varer | 101,28 | 0,6 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94