12642_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12642
Høgare prisar på oljeprodukt
statistikk
2001-06-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på oljeprodukt

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands steig med 1,4 prosent frå april til mai. Dette kjem hovudsakleg av ein auke i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt.

12-månadersendringa (mai 2000-mai 2001) for totalindeksen enda på 5,0 prosent, ein nedgang frå 7,1 førre månad.

Prisutvikling frå april til mai

Det vart i den aktuelle perioden registrert auka prisar eller inga endring i alle hovudgruppene. Den største auken kom i gruppa brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum, der prisane auka med 5,6 prosent frå april. Denne auken kjem av at prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt auka med 8,6 prosent, medan det var ein nedgang i elektrisitetsprisane. I gruppa råvarer (ikkje etande) eksklusiv brenselstoff auka prisane med 0,8 prosent, hovudsakleg grunna ein prisauke på malmar og avfall av metall. Prisane på bearbeidde varer gruppert etter materiale auka med 0,5 prosent, medan prisane i gruppa matvarer og levande dyr auka med 0,3 prosent. For dei andre gruppene var det mindre auke.

12-månadersendring

Nesten alle hovudgruppene har ei positiv 12-månadersendring. Unntaket er drikkevarer og tobakk, der prisane har gått noko ned det siste året. Den høgaste 12-månadersendringa har gruppa brenselstoff, smøreolje og elektrisk straum med ein auke på 6,6 prosent det siste året. Gruppa matvarer og levande dyr auka med 6,4 prosent i same tidsrom. For dei andre gruppene ligg endringa på om lag 3 prosent, med unntak av ulike ferdige varer der auken er noko lågare.

Utviklinga i 12-månadersendringa

Alle hovudgruppene, med unntak av matvarer og levande dyr, hadde ein nedgang i 12-månadersendringa i høve til april. For totalindeksen gjekk endringstalet ned frå 7,1 prosent til 5,0 prosent. Det største bidraget til denne nedgangen kom frå gruppa brenselstoff, smørjeolje, elektrisk straum, som fall frå 17,8 prosent i april til 6,6 i mai. Det er mineralolje og mineraloljeprodukt som står for den største endringa, og vekstraten gjekk altså ned trass i at indeksen for denne gruppa auka med 5,6 prosent same periode. Hovudårsaka er eit kraftig fall i råoljeprisen i april i fjor, kombinert med ein endå kraftigare prisoppgang månaden etter.

Den einaste gruppa som hadde ein oppgang i 12-månadersraten, er altså matvarer og levande dyr, med ein auke frå 5,8 prosent i april til 6,4 prosent i mai. Her har 12-månadersendringa auka kvar månad sidan januar.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Mai 2001 Endring i prosent
  April 2001-mai 2001 Mai 2000-mai 2001
Totalindeks 103,80 1,4 5,0
Matvarer og levande dyr 104,60 0,3 6,4
Drikkevarer og tobakk 99,68 0,2 -0,1
Råvarer (ikke etande) ekskl. brenslestoff 102,50 0,8 3,4
Brenselstoff, smørjeolje, elektrisk straum 103,65 5,6 6,6
Kjemiske produkt 103,39 0,0 3,3
Bearbeidde varer 102,29 0,5 2,8
Maskiner og transportmiddel 103,21 0,2 3,2
Ulike ferdige varer 101,42 0,1 1,2