12606_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12606
Auka olje- og straumprisar
statistikk
2002-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. februar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka olje- og straumprisar

Prisindeksen for førstegongsomsetning gjekk opp 0,6 prosent frå januar til februar. Dette kjem hovudsakeleg av ein auke i prisane på brenselstoff, smøreolje og elektrisk straum, mens nedgangen i prisane på matvarer, samt maskiner og transportmiddel reduserer oppgangen noko.

Prisane på brenselstoff, smøreolje og elektrisk straum gjekk opp med 1,7 prosent frå januar til februar. Oppgangen kjem av høgare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt, og elektrisk straum. Sterkast nedgang fann stad på matvareprisane som gjekk ned med 0,4 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen var fall i prisane på fisk, kreps- og blautdyr. Elles var det berre mindre endringar i hovudgruppene.

12-månadersendring: Nedgang på 4 prosent

12-månadersendringa for indeksen samla blei -4,4 prosent. Dette kjem av nedgang i prisane på produkt innan gruppene brenselstoff, smøreolje og elektrisk straum, og gruppa råvarer. Nedgangen i førstnemnte gruppe kjem av lågare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt. Nedgangen i råvaregruppa kjem av lågare prisar på papirmasse og papiravfall samt på malmar og avfall av metall.

Sterkast prisauke hadde hovudgruppene matvarer og levande dyr (2,5 prosent) og maskiner og transportmiddel (3,4 prosent).

Større 12-månadersendring enn i januar

12-månadersendringa for totalindeksen gjekk vidare ned frå -3,0 i januar til -4,4 prosent i februar. Brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum gjekk i denne perioden frå -13,2 prosent til -18,2 prosent, og er største bidragsytar til nedgangen i totalindeksen. Blant dei andre hovudgruppene var det berre mindre endringar.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Februar 2002 Endring i prosent
  Januar-februar 2002 Februar 2001-februar 2002
Totalindeks 97,48 0,6 -4,4
Matvarer og levande dyr 105,50 -0,4 2,5
Drikkevarer og tobakk 103,04 0,0 3,2
Råvarer (ikkje etande) ekskl, brenslestoff 89,62 0,1 -12,8
Brenslestoff, smørjeolje, elektrisk straum 80,63 1,7 -18,2
Kjemiske produkt 104,05 -0,2 1,3
Bearbeidde varer 98,89 0,1 -4,2
Maskiner og transportmiddel 104,20 -0,2 3,4
Ulike ferdige varer 102,42 -0,1 1,1