Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare prisar innanlands
Prisindeksen for førstegangsomsetning gjekk ned med 0,8 prosent frå april til mai. Dei fleste varegruppene hadde eit prisfall, med unntak av kjemiske produkt som auka 0,1 prosent.
Sterkast nedgang frå april fann stad innan brenslestoff, smøreolje og elektrisk straum der prisane gjekk ned med 1,9 prosent. Dessutan fall prisane innan råvarer eksklusive brenslestoff med 1,4 prosent. Elles var det berre mindre endringar i hovudgruppene.
12-månadersendring
Indeksen samla gjekk ned med 5,5 prosent sidan mai i fjor. Dette kjem av nedgang i prisane på produkt innan brenslestoff, smøreolje og elektrisk straum og gruppa råvarer. Nedgangen i førstnemnte gruppe kjem av lågare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt. Nedgangen i råvaregruppa kjem av lågare prisar på malm og avfall av metall.
Svakare 12-månadersendring
12-månadersendringa for totalindeksen har i ein lengre periode vore negativ. I mai var endringa den lågaste for 2002. Prisutviklinga innan brenslestoff, smøreoljer og elektrisk straum er den viktigaste årsaka til dette. Denne gruppa hadde i mai ei endring på -17,6 prosent, etter -11,2 i april og -9,8 i mars.
Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100 |
Mai 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April-mai 2002 | Mai 2001-mai 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 98,07 | -0,8 | -5,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levende dyr | 105,67 | -0,1 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 103,09 | 0,0 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer | 88,80 | -1,4 | -13,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm | 85,44 | -1,9 | -17,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkter | 103,92 | 0,1 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bearbeidede varer | 98,68 | -0,1 | -3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmidler | 103,83 | -0,1 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskjellige ferdige varer | 102,18 | -0,3 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94