12576_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12576
Auka olje- og straumprisar
statistikk
2002-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. september 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka olje- og straumprisar

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp 1,9 prosent frå august til september. Dette kjem hovudsakleg av ein auke i prisane på brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum, mens blant anna prisane på matvarer og levande dyr trakk i motsett retning.

Prisane på brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum gjekk opp med 7,1 prosent frå august til september. Oppgangen kjem av høgare prisar både på mineralolje og mineraloljeprodukt, og på elektrisk straum. Prisane på råvarer gjekk opp 1,6 prosent etter å ha gått ned dei to månadene før. Sterkast nedgang kom i matvareprisane som gjekk ned med 0,6 prosent. Samanlikna med august har prisane på dei fleste produkta i denne gruppa gått ned. Det kraftigaste fallet kom i prisane på grønsaker og frukt. Elles gjekk maskiner og transportmiddel ned 0,3 prosent, mens prisane på kjemiske produkt vart 0,4 prosent lågare.

12-månadsendring: Nedgang på 2,2 prosent

12-månadsendringa for indeksen samla blei -2,2 prosent. Fleirtalet av hovudgruppene viste nedgang i denne perioden. Det kraftigaste fallet kom på produkt innanfor gruppa brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum, samt innanfor gruppa råvarer. Nedgangen i førstnemnde gruppe kjem av lågare prisar på mineralolje og mineralprodukt, medan ein oppgang på elektrisk straum reduserte oppgangen noko.

Den sterkaste prisauken hadde hovudgruppene matvarer og levande dyr (0,4 prosent) og forskjellige ferdigvarer (0,5 prosent).

12-månadsendringa noko forbetra

12-månadsendringa for totalindeksen gjekk frå -3,9 i august til -2,2 prosent i september. Brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk i denne perioden frå -12,4 prosent til -7,5 prosent, og er største bidragsytar til utviklinga i totalindeksen. Blant dei andre gruppene medverka også råvarer, bearbeidde varer og forskjellige ferdigvarer til den totale utviklinga i 12-månadsendringa.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  September 2002 Endring i prosent
  August 2002- september 2002 September 2001- september 2002
Totalindeks 98,56 1,9 -2,2
Matvarer og levande dyr  105,01 -0,6 0,4
Drikkevarer og tobakk  104,61 0,4 1,3
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenslestoff 87,37 1,6 -11,2
Brenslestoff, smøreolje, elektrisk straum 88,05 7,1 -7,5
Kjemiske produkt  101,67 -0,4 -2,5
Bearbeidde varer 98,80 0,1 -0,6
Maskiner og transportmiddel  102,23 -0,3 -1,4
Ulike ferdige varer  102,41 0,3 0,5