12568_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12568
Framleis auke i straumprisane
statistikk
2002-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. november 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke i straumprisane

Prisindeksen for førstegangsomsetning innanlands gjekk opp 0,1 prosent frå oktober til november. Utviklinga var prega av høgare prisar på straum og matvarer, mens oljeprisane gjekk ned.

Prisane på brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum gjekk ned 2,9 prosent frå oktober til november. Elektrisk straum hadde ein prisoppgang med 27 prosent, men utviklinga blei utjamna av ein nedgang i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt på 12,6 prosent. Straumprisane har auka om lag 80 prosent sidan juli. Matvareprisane gjekk opp med 0,9  prosent og var den einaste hovudgruppa der prisane gjekk opp. Ingen varer i denne gruppa gjekk ned i pris frå oktober til november, og prisane på grønsaker, frukt og fisk auka mest.

På heimemarknaden steig prisane med 0,8 prosent. Prisauken på elektrisk straum og matvarer var årsaka til den totale utviklinga.

12-månadersendring: Auke på 3,5 prosent

12-månadersendringa for indeksen viste ein oppgang på 3,5  prosent. Årsaka er at prisane på brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum har auka med 15,2 prosent. Elektrisk straum medverkar sterkt til denne utviklinga med ein prisauke på 64 prosent.

Dei fleste hovudgruppene av varer hadde eit prisfall. Matvarer gjekk om lag 1 prosent ned i pris, og hovudårsaka var at prisane på fisk og grønsaker fall med 7,7 og 5,9 prosent i denne perioden. Matvarene fall i pris om lag heile året samanlikna med i fjor, då prisane viste ein auke. Råvareprisane gjekk ned med 5,5 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  November 2002 Endring i prosent
  Oktober-november 2002 November 2001-november 2002
Totalindeks 99,28 0,1 3,5
Matvarer og levande dyr  105,15 0,9 -0,8
Drikkevarer og tobakk  104,44 0,0 1,9
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenslestoff 86,68 -0,2 -5,5
Brenslestoff, smørjeolje, elektrisk straum 87,83 -2,9 15,2
Kjemiske produkt  101,56 -0,1 -2,6
Bearbeidde varer 98,51 -0,2 -0,3
Maskiner og transportmiddel  101,46 -0,3 -2,3
Ulike ferdige varer  101,89 -0,1 -0,1