Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare spotpris på straum
Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,4 prosent frå januar til februar. Dette kjem av ein nedgang i prisane på brenselsstoffar, smøreoljer og elektrisk straum.
Prisane på brenselsstoffar, smøreoljer og elektrisk straum gjekk ned 1,2 prosent frå januar til februar. Nedgangen kjem av 16,2 prosent lågare prisar på elektrisk straum. Etter tal frå Nordpool sin systempris for månaden har prisen på elkraft gått ned over 30 prosent frå januar til februar i år. I motsett retning trakk prisane på mineralolje og mineralprodukt, kor oppgangen var på 7,4 prosent. Matvarer hadde ein minimal auke på 0,1 prosent, mens råvarer gjekk ned 1,7 prosent. Bearbeidde varer og maskiner og transportmidlar falt også i pris med 0,1 og 2,2 prosent.
På heimemarknaden gjekk prisane ned med 0,8 prosent. Prisnedgangen kjem også her av lågare prisar på straum.
12-månadersendring, februar 2002 til februar 2003: 10 prosent auke
12-månadersendringa for totalindeksen blei 10 prosent. Auke i brenselsstoff, smøreolje og elektrisk straum på 40,4 prosent var hovudårsaka til denne utviklinga, kor båe mineralolje og mineralprodukt og elektrisk straum auka med 26,2 og 103,3 prosent. 12-månadersveksten for elektrisk straum som har vori prega av høgare prisar i over eit halvt år, viser for fyrste gong sidan juni 2002 ein nedgang. Fleirtalet av hovudgruppene viste også ein nedgang i denne perioden med unntak av drikkevarer og tobakk.
Blant hovudgruppene hadde råvarer og matvarer ein prisnedgang på 6 og 0,5 prosent samanlikna med februar i fjor.
Prisindeks for førstegangsomsetning innanlands. 2000=100 |
Febuar 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar-februar 2003 | Februar 2002-februar 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 107,25 | -0,4 | 10,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levande dyr | 104,99 | 0,1 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 104,67 | 0,1 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikkje spiselege) ekskl. brenselsstoff | 84,22 | -1,7 | -6,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum | 113,20 | -1,2 | 40,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkt | 103,76 | 0,7 | -0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bearbeidede varer | 98,59 | -0,1 | -0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmiddel | 101,91 | 0,0 | -2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskjellige ferdige varer | 101,63 | -0,2 | -0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94