12527_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12527
Auka olje- og straumprisar
statistikk
2003-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. august 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka olje- og straumprisar

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp 1 prosent frå juli til august. Dette kjem hovudsakleg av ein auke i prisane på brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum, medan prisane på matvarer gjekk ned.

Prisane på brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum gjekk opp med 3,8 prosent frå juli til august. Oppgangen kjem i stor grad av høgare prisar både på mineralolje og mineraloljeprodukt - og elektrisk straum. Prisane på råvarer gjekk opp 0,5 prosent. Matvareprisane gjekk ned med 0,3 prosent. Samanlikna med juli kor prisane i denne gruppa viste berre prisoppgangar, har vi fleire prisnedgangar i august. Det kraftigaste fallet skjedde i prisane på grønsaker og frukt med 4,5 prosent, medan fiske- og kornprisane gjekk opp. Godt vær i august har gitt gode vekstvilkår for grønsaker som har ført til lågare prisar. Elles gjekk prisane på bearbeidde varer og kjemiske produkt opp med høvesvis 0,6 og 0,3 prosent.

På heimemarknaden gjekk prisane opp 1,4 prosent. Prisauken på energivarer var også her hovudårsaka til utviklinga.

12-månadersendring: Oppgang på 9,1 prosent

12-månadersendringa for indeksen samla blei 9,1 prosent. Fleirtalet av hovudgruppene viste oppgang i denne perioden. Største oppgang skjedde på produkt innanfor gruppa brenselstoff, smørjeolje og elektrisk straum- samt innanfor gruppa råvarer. Oppgangen i førstnemnde gruppe kjem av høgare straumprisar.

Matvarer og ymse ferdige varer hadde båe ein prisauke på 0,4 prosent. Råvarene viste her ein prisauke med 5,7 prosent, som kjem av høgare priser innanfor malmar og avfall av metall på 17 prosent.

Ein desimal frå januar 2004

Frå og med publiseringa av januar 2004 vil indeksane bli framstilte med ein desimal - i høve til dagens frigjeving med to desimalar. Årsaka til endringa er at to desimalar gjev eit overdrive inntrykk av presisjonen til estimata - som ikkje blir noko dårlegare med ein desimal. I tillegg har vi eit ønskje om å harmonisere med vanleg praksis- som er ein desimal.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  August 2003 Endring i prosent
  Juli 2003-august 2003 August 2002-august 2003
Totalindeks  105,57 1,0 9,1
Matvarer og levende dyr  106,02 -0,3 0,4
Drikkevarer og tobakk  106,50 -0,2 2,2
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer 90,89 0,5 5,7
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  101,60 3,8 23,5
Kjemiske produkter  103,13 0,3 1,0
Bearbeidede varer 99,52 0,6 0,8
Maskiner og transportmidler  101,91 0,1 -0,6
Forskjellige ferdige varer  102,57 0,2 0,4