Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høgare prisar innanlands
Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp 0,4 prosent frå januar til februar 2004. Oppgangen kjem av auke i prisen på varer i dei fleste gruppene, mens lågare prisar på brenselsstoff dempa utviklinga i totalen noko.
Prisane på bearbeidde varer gjekk opp 1,3 prosent og var gruppa som trakk totalen mest opp. Dei fleste varene i denne gruppa viste oppgang. Metall, unntatt jern og stål auka 5,7 prosent - mens prisane på papir og papp gjekk opp 1,7 prosent. Gruppa for matvarer auka 0,7 prosent frå førre månad, og også her viste mykje av varene oppgang. Kjøtt og kjøttvarer viste oppgang på 1,4 prosent, mens grønsaker og frukt auka 1,8 prosent.
Dei einaste varene som gjekk ned var brenselsstoffa, samt drikkevarer og tobakk. Brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk ned 1,6 prosent frå januar til februar. Prisane på mineralolje og mineralprodukt gjekk ned 1,4 prosent, mens straumprisane fall 1,5 prosent.
På heimemarknaden gjekk prisane ned 0,1 prosent. På denne marknaden var oppgangen i hovuddelen av varegruppene ikkje stor nok til å motverke nedgangen i brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum. Også drikkevarer og tobakk fall i pris.
12-månadsendring, februar 2003 til februar 2004: Prisnedgang på 1,1 prosent
Dei siste 12 månadene har totalindeksen gått ned 1,1 prosent. Årsaka til dette var ein nedgang i prisane på brenselsstoff, smørjeolje og elektrisk straum med 13,4 prosent i forhold til februar 2003. Prisane på mineralolje og mineralprodukt og elektrisk straum gjekk ned med høvesvis 10,1 og 30,8 prosent. Dei andre hovudgruppene gjekk opp i forhold nivået i februar 2003. Råvarene gjekk opp 13,2 prosent. Dette kjem av ein oppgang i prisane på papirmasse og papiravfall (17,0) og malmar og avfall av metall (33,2).
Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100 |
Februar 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2004-
februar 2004 |
Februar 2003-
februar 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 106,1 | 0,4 | -1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levande dyr | 106,6 | 0,7 | 1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 108,5 | -0,3 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenselsstoff | 95,3 | 2,0 | 13,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum | 98,0 | -1,6 | -13,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkt | 105,8 | 0,1 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bearbeidde varer | 101,8 | 1,3 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmiddel | 103,7 | 0,6 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ulike ferdige varer | 102,9 | 0,4 | 1,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94