Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare prisar på varer
Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,5 prosent frå april til mai. Dette kjem blant anna av lågare prisar på oljeprodukt og på importerte maskiner og transportmidlar.
Blant hovudgruppene gjekk prisane ned på maskiner og transportmiddel, tilverka varer, brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum, samt andre ferdigvarer. Råvareprisane gjekk opp. Oljeprisane gjekk litt ned, men held seg høge.
Varene som medverka mest til at indeksen gjekk ned denne månaden var mineralolje og mineraloljeprodukt, kontormaskiner og databehandlingsutstyr, samt metall unnateke jern og stål.
Prisane på varer produserte i Noreg gjekk ned med 0,8 prosent frå april til mai dette året. Varegruppene som medverka til nedgangen var matvarer, brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum, samt maskiner og transportmiddel.
Tolvmånadersendring, mai 2004 til mai 2005: Prisoppgang på 2,6 prosent
Frå mai 2004 til mai 2005 gjekk prisane på varer importerte og produserte i Noreg opp med 2,6 prosent. Stiginga gjeld for alle varegruppene bortsett frå maskiner og transportmiddel. Brenselsstoff , smørjeoljer og elektrisk straum er gruppa som har den største oppgangen frå mai 2004 til mai 2005, trass i nedgang siste månad.
Prisane på varer produserte i Noreg auka 3,9 prosent frå mai 2004 til mai 2005. Oppgangen kjem av ein auke i prisane for dei fleste varegruppene i høve til fjorårsprisane.
Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100 |
Mai 2005 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2005-
mai 2005 |
Mai 2004-
mai 2005 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 111,3 | -0,5 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levande dyr | 106,7 | 0,2 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 111,0 | 0,5 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikkje spiselege) ekskl. brenselsstoff | 101,2 | 0,9 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum | 123,1 | -3,1 | 13,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkt | 107,8 | 0,5 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilverka varer | 106,9 | -0,1 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmiddel | 102,3 | -0,6 | -1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskjellige ferdige varer | 104,1 | -0,3 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94