Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Olje- og straumprisane stig framleis
Prisindeksen for førstegangsomsetning innanlands gjekk opp 1,0 prosent frå juli til august. Framleis høge prisar på olje og straum var hovudårsaka til prisoppgangen.
Prisane på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum auka med 5,5 prosent. Mineralolje og mineraloljeprodukt auka med 6,3 prosent. Årsaka til auken er framleis stor etterspørsel etter oljeprodukt på verdsmarknaden. Elektrisk straum auka med 4,1 prosent. Ifølgje NordPool sine spotprisar på straum, steig prisane med 7,6 prosent frå juli til august.
Matvareprisane hadde ein svak auke på 0,1 prosent frå juli til august, kor alle varegruppene hadde ein prisauke, unnateke grønsaker, frukt og korn. Årsaka til prisnedgangen på grønsaker, frukt og korn var større tilførsel av norske varer på heimemarknaden. Prisane på råvarer viste ei nullendring denne månaden. I denne gruppa hadde papirmasse sterkast nedgang grunna stor konkurranse internasjonalt, medan gjødningsstoff motverka nedgangen med ein prisoppgang.
På heimemarknaden auka prisane med 1,6 prosent. Dette kjem av ein prisoppgang på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum. Jern og stål viste ein nedgang på heimemarknaden.
Tolvmånadersendring, august 2004 til august 2005: Prisoppgang på 3,9 prosent
Tolvmånadersendringa auka med 3,9 prosent. Prisane på energivarer steig med 23,7 prosent frå august 2004 til august 2005. Prisane på mineralolje medverka til auken med ein oppgang på 38,6 prosent. Dei fleste av dei andre hovudgruppene gjekk opp i forhold til august 2004 med unntak av maskiner og transportmidlar og animalske og vegetabilske oljer.
Råvarene gjekk opp 1,4 prosent samanlikna med i fjor. Dette kjem av ein oppgang i prisane på rå gjødningsstoff og malmar og avfall av metall. Oppgang blei dempa noko av ein prisnedgang på papirmasse. Matvareprisane gjekk opp 0,6 prosent i forhold til august 2004.
Prisindeks for førstegangsomsetning innanlands. 2000=100 |
August 2005 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2005-august 2005 | August 2004-august 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 114,7 | 1,0 | 3,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og levande dyr | 108,8 | 0,1 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 111,8 | -0,4 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Råvarer (ikkje spiselege) ekskl. brenselsstoff | 100,6 | 0,0 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum | 145,1 | 5,5 | 23,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske produkt | 107,2 | 0,2 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bearbeidde varer | 106,1 | 0,2 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskiner og transportmiddel | 102,0 | -0,3 | -1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskjellige ferdige varer | 103,8 | 0,2 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94