12441_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12441
Lågare matvareprisar
statistikk
2006-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. desember 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare matvareprisar

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk samla opp 0,5 prosent frå november til desember. Prisane på matvarer og forskjellige ferdigvarer gjekk ned høvesvis 0,3 og 0,1 prosent i desember, medan dei andre varegruppene gjekk opp.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Innanfor gruppa brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum var det straumen som gjekk mest opp denne månaden, heile 15,4 prosent ifølgje tal frå NordPool. Spotprisen auka med 28,1 prosent frå desember 2004 til desember 2005. Prisen i desember 2004 var låg samanlikna med resten av 2004, medan tala denne månaden er høgare enn gjennomsnittet for 2005. Gjennomsnittsprisen i 2005 er 3 prosent lågare enn i 2004.

Matvarene vart særleg påverka av nedgangen i prisane på kjøtt og fisk og fall 0,3 prosent frå november til desember, kjøtt- og fiskeprisane gjekk ned høvesvis 0,5 og 0,7 prosent.

Prisane på maskiner og transportmiddel gjekk opp 0,3 prosent, denne auken er særleg påverka av elektriske maskiner og apparat - opp 2,1 prosent frå november til desember. Auken i energiprisane og nokre av råvareprisane det siste året gjer utslag i for denne kategorien.

Tolvmånadersendring, desember 2004 til desember 2005: Prisoppgang på 5,8 prosent

Dei siste tolv månadene gjekk prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands opp 5,8 prosent. Maskiner og transportmiddel sank 0,7 prosent, medan brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum auka 33,9 prosent i forhold til desember 2004. Matvareprisane auka med 1,2 prosent i forhold til desember 2004. Dette er ganske stabilt i forhold til tolvmånadersendringa frå desember 2003 til desember 2004, prisauken var da 1,3 prosent. Etter ein auke på 34,1 prosent frå desember 2003 til desember 2004 gjekk prisane på jern og stål ned 4,2 prosent frå desember 2004 til 2005.

På heimemarknaden auka prisane med 7,1 prosent frå desember 2004 til desember 2005. Brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum auka med 27,9 prosent og dei kjemiske produkta auka med 2,5 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Desember 2005 Endring i prosent
  November 2005-
desember 2005
Desember 2004-
desember 2005
Totalindeks  114,2 0,6 5,8
Matvarer og levande dyr  108,9 -0,3 1,2
Drikkevarer og tobakk  111,3 -0,3 1,3
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenselsstoff 98,4 0,1 1,1
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  141,1 2,4 33,9
Kjemiske produkt  107,9 0,2 1,4
Bearbeidde varer  108,2 0,7 3,0
Maskiner og transportmiddel  101,5 0,3 -0,7
Forskjellige ferdige varer  103,1 -0,1 -0,2