12432_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12432
Høgare prisar på mineralolje
statistikk
2006-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. april 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på mineralolje

Prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt auka med 7,5 prosent frå mars til april. Dette medverka til at prisindeks for førstegongsomsetning innanlands steig 1,1 prosent. Også matvareprisane steig med 1,3 prosent.

;>Prisutvikling for utvalgte varegrupper. 2000=100

Prisane på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum steig 4,4 prosent frå mars til april. Årsaka var ein auke i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt på 7,5 prosent. Prisane for denne gruppa har stige 70 prosent sidan desember 2004 og har aldri vore så høge som no. Prisutviklinga for mineralolje og mineraloljeprodukt har nær samanheng med spotprisen på råolje (Brent Blend), som siste månad steig 11 prosent. Prisen på elektrisk straum sokk 1,9 prosent frå mars til april. Dette var den første nedgangen etter ein samanhengande prisauke på til saman 52 prosent frå november 2005 til mars 2006.

Matvarene vart særleg påverka av auken i prisane på fisk, grønsaker og frukt og steig 1,3 prosent frå mars til april. Kornprisane gikk ned 1,5 prosent.

Prisane på kjemiske produkt, bearbeidde varer og forskjellige ferdigvarer auka høvesvis 0,2, 0,3 og 0,5 prosent frå mars til april. Prisane på råvarer eksklusive brenselsstoff gjekk ned 1,6 prosent, mens prisane på maskiner og transportmiddel sto stille.

Prisane på varer produsert i Noreg gikk opp 2,0 prosent. Ei årsak til at prisauken var større på heimeproduserte varer, var at råvarer eksklusive brenselsstoff her gikk opp 1,5 prosent, mens dei gikk ned for heime- og importmarknaden samla. Andre årsaker var at for brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum og kjemiske produkt var prisauken størst på heimemarknaden.

Prisoppgang på 6,8 prosent frå april 2005 til april 2006

Tolvmånadersendringa vart igjen særleg påverka av stor prisauke på energivarene. Straumprisen auka 47,8 prosent, mens prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt steig 30,9 prosent. Prisane på metall utanom jern og stål auka også mye - 43,8 prosent dei siste tolv månadene.

Prisane på norskproduserte varer for heimemarknaden auka 11,0 prosent dei siste tolv månadene.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  April 2006 Endring i prosent
  Mars 2006-
april 2006
April 2005-
April 2006
Totalindeks  119,5 1,1 6,8
Matvarer og levende dyr  111,3 1,3 4,5
Drikkevarer og tobakk  114,2 0,0 3,3
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  101,5 -1,6 1,2
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  169,2 4,4 33,2
Kjemiske produkter  108,2 0,2 0,8
Bearbeidede varer  110,5 0,3 3,3
Maskiner og transportmidler  101,5 0,0 -1,4
Forskjellige ferdige varer  103,8 0,5 -0,6