12408_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12408
Prisvekst på energivarer og trelast
statistikk
2007-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. april 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisvekst på energivarer og trelast

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands (PIF) gjekk opp 1,0 prosent frå mars til april 2007. Hovudårsaka til oppgangen var høgare prisar på trelast, oljeprodukt, kol, malm og organiske kjemiske produkt.

;>Prisutvikling for utvalte SITC-grupper. 2000=100

Prisane på tømmer og trelast gjekk opp med 3,9 prosent. Prisoppgangen kjem av høgare etterspurnad etter trelast i Europa. Samtidig var det mangel på fagfolk som kan tilverke byggjevarene, og dette har ført til prisoppgang på tilverka varer av tre. Prisane på malm og avfall av metall hadde også ein oppgang forårsaka av høgare prisar på nikkel.

Energivarer opp i pris

Prisane på energivarer steig ettersom prisane på oljeprodukt og kol gjekk opp 6,6 og 10,8 prosent. Prisane på straum motverka oppgangen med ein nedgang på 5,9 prosent. Prisane på matvarer hadde ein moderat nedgang på 0,5 prosent. Årsaka til dette var lågare prisar på alle matvarer unnateke kjøtt. Kjemiske produkt viste ein prisvekst på 1,1. Dette kjem av ein prisvekst på organiske kjemiske produkt.

På heimemarknaden gjekk prisane opp 1,1 prosent og det var spesielt prisane på tømmer, oljeprodukt og tilverka tre som forårsaka prisveksten.

Endring over tolv månader: ned 0,4 prosent

Energivarene bidreg også til nedgang i tolvmånadersendringa for april. Straum og mineraloljeprodukt gjekk ned 48 og 8 prosent. Prisane på matvarer gjekk opp med 3,3 prosent. Det kjem primært av auka prisar på fisk, korn og dyrefôr. Tilverka varer hadde ein oppgang på 5,6 prosent og her var det jern og stål som forårsaka prisveksten.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100 [Rettet 10.05.07 kl. 15:45]
  April 2007 Endring i prosent
  Mars 2007-
april 2007
April 2006-
april 2007
Totalindeks  1118,1 1,0 -0,4
Matvarer og levande dyr  112,6 -0,5 3,3
Drikkevarer og tobakk  116,5 1,0 1,6
Råvarer (ikkje-etande) ekskl. brenselsstoff  130,3 2,4 30,4
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  1139,2 3,9 -18,7
Kjemiske produkt  110,6 1,1 3,8
Bearbeidde varer  115,1 0,6 5,6
Maskiner og transportmiddel  101,1 -0,1 -0,2
Forskjellige ferdige varer  103,8 0,6 -0,2

1  Rettet 10. mai 2007 kl. 15:45