12390_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12390
Prisnedgang på energivarer
statistikk
2008-02-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. januar 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisnedgang på energivarer

Ein nedgang i prisen på brenselstoff, maskiner og transportmiddel var hovudårsaka til at totalindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,3 prosent frå desember 2007 til januar 2008

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Samla gjekk prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands ned 0,3 prosent frå desember 2007 til januar 2008. Det var i hovudsak prisane på brenselstoff samt maskiner og transportmiddel som var årsak til nedgangen denne månaden. Fallet i prisen på elektrisk straum var på 0,9 prosent, noko som blant anna kjem av mildt vêr og gode magasinbehaldningar denne månaden.

Nedgangen i prisen på maskiner og transportmiddel var på 0,4 prosent. Ei viktig varegruppe her var kontormaskiner og databehandlingsutstyr, som gjekk ned 1,6 prosent frå desember 2007 til januar 2008.

Matvarer gjekk opp 0,2 prosent i pris frå desember. Størst auke var det i prisane på grønsaker og frukt (opp 3,8 prosent). Prisen på kaffi, te, kakao og krydder gjekk derimot ned 4,8 prosent, noko som samla sett gjorde at prisane på matvarer endra seg lite frå førre månad.

Prisauke på 7,9 prosent frå januar 2007 til januar 2008

Frå januar 2007 til den same månaden i år har totalindeksen for førstegongsomsetning innanlands auka med 7,9 prosent. Årsaka til denne oppgangen var i hovudsak ein auke i alle grupper, med unntak av råvarer, som gjekk ned 4,1 prosent, samt ein nedgang på 1,2 prosent for maskiner og transportmiddel. Dei varene som har størst endring, er blant anna straum som har auka med 59,7 prosent, samt mineralolje og mineraloljeprodukt (opp 35,7 prosent).

Nye vekter

I samband med årsskiftet har vektene som blir brukte til å berekne prisindeksane, blitt oppdaterte. Vektene gir uttrykk for kor stor innverknad dei ulike næringane har for den samla indeksen, og er baserte på delen næringane har av den totale produksjonsverdien i den norske økonomien i året før. Dei største endringane frå 2007 til 2008 var at vekta til næringa brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum gjekk markert ned, mens vekta til maskiner og transportmiddel gjekk opp. Elles heldt vektene til dei andre næringane seg relativt stabile.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
     Januar 2008 Endring i prosent
     Desember 2007-
januar 2008
   Januar 2007-
januar 2008
Totalindeks  125,5 -0,3 7,9
Matvarer og levende dyr  113,8 0,2 1,0
Drikkevarer og tobakk  121,2 1,7 5,0
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  118,4 -2,5 -4,0
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm     186,5 -1,0 40,6
Kjemiske produkter  113,2 1,5 3,8
Bearbeidede varer  117,2 0,3 3,2
Maskiner og transportmidler  100,6 -0,4 -1,2
Forskjellige ferdige varer  102,1 -0,4 -0,1