12374_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12374
Høgt prisnivå på elektrisitet
statistikk
2008-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. september 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgt prisnivå på elektrisitet

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands auka med 1,4 prosent frå august til september. Oppgangen var i hovudsak styrt av ein kraftig auke i prisen på elektrisitet. Med unntak av kjemiske produkt var det moderate prisendringar innafor dei andre varegruppene.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp med 1,4 prosent frå august til september. Størst innverknad på indeksen hadde dei økte prisane på brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum som gjekk opp med 4,0 prosent frå førre månaden. Innafor denne varegruppa trakk elektrisitet og oljeprodukt i kvar sin retning. Medan prisen på elektrisitet auka nokså kraftig, sank prisane på oljeprodukta. Prisen på elektrisitet har auka markant frå mai til september i år, og med ei endring på 26,0 prosent frå august til september var spotprisen for september blant den høgaste som nokon gong er registrert på den nordiske kraftbørsen Nord-Pool. Årsaka til høgare spotpris er blant anna at behaldninga i vassmagasina har gått frå å vere svært høg til å nærme seg det normale, samt at det har vore ei utjamning av prisforskjellane mellom Nord- og Sør-Noreg. Innafor oljeprodukta var det i all hovudsak redusert pris på råoljen (Brent Blend) som var årsaka til ein nedgang på 4,5 prosent frå månaden før.

Prisen på kjemiske produkt auka med 4,2 prosent frå august til september, mest takka vere ein prisauke på 19,1 prosent for uorganiske kjemiske produkt. Innafor gruppa matvarer har det vore ein moderat auke i prisen frå siste månaden. Auken kjem i hovudsak av auka pris på heimemarknaden for korn og kornvarer, auka prisar på grønsaker og frukt og dyrefôr. Innafor dei andre varegruppene var det berre ei moderat prisendring.

Tolvmånadersendring: Prisane auka 13,7 prosent

Frå september 2007 til same månaden i år gjekk prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands opp med 13,7 prosent. Ein prisauke på 57,3 prosent på brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum medverka betydeleg til oppgangen, og kjem i hovudsak av auka pris på elektrisitet og høgare oljeprisar. For kjemiske produkt var tolvmånadersendringa på 19,3 prosent, medan prisen på bearbeidde varer låg 8,7 prosent høgare i september enn tolv månader tidlegare, mest på grunn av økte prisar på jern og stål.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  September 2008 Endring i prosent
  August 2008-
september 2008
September 2007-
september 2008
Totalindeks  135,8 1,4 13,7
Matvarer og levande dyr  119,7 0,7 4,7
Drikkevarer og tobakk  125,5 0,3 5,0
Råvarer (ikkje-etande) ekskl. brenselsstoffer  121,5 -0,5 1,0
Brenselstoffer, smørjeoljer, elektrisk strøum  233,6 4,0 57,3
Kjemiske produkt  131,4 4,2 19,3
Bearbeidde varer  126,2 0,4 8,7
Maskiner og transportmiddel  102,3 0,6 1,1
Forskjellige ferdige varer  105,0 0,7 1,4