12340_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12340
Kraftig prisauke på elektrisitet
statistikk
2010-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. februar 2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig prisauke på elektrisitet

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands auka med 1,6 prosent frå januar til februar 2010, hovudsakleg på grunn av ein kraftig vekst i straumprisane.

;>Prisutvikling for utvalte varegrupper. 2000=100

Høgare systempris på Nord Pool samt høgare pris på elektrisitet til hushald (sjå konsumprisindeksen for meir informasjon ) medverka mest til auken i prisindeks for førstegongsomsetning innanlands (PIF) i februar. Straumprisen per 22. februar utmerka seg spesielt mye. Denne dagen blei det registrert fleire kraftige hopp i timeprisen, og gjennomsnittleg pris blei rekordhøg. Totalt auka elektrisitetsprisane i PIF med 21,7 prosent frå januar til februar 2010.

Veksten i straumprisane i februar har fleire årsaker. Feil på NorNed-kabelen mellom Noreg og Nederland i februar og lågare kraftproduksjon i Sverige sidan midten av januar gjorde det vanskelegare å dekke den norske etterspørselen etter straum. Dessutan var kraftoverføringa mellom Noreg og nabolanda dårlegare i februar enn tidlegare.

Høgare matvareprisar i februar

Matvareprisane gjekk opp med 1,3 prosent i februar i forhold til månaden før. Prisauken kjem i hovudsak på dei to varegruppene fisk, krepsdyr og blautdyr samt grønsaker og frukt. Prisane i begge disse varegruppene har auka mye dei siste tre månadene, og prisane har auka mest for leveransar frå heimemarknaden.

Tolvmånadersendring: auke på 7,1 prosent

PIF gjekk samla opp med 7,1 prosent frå februar 2009 til februar 2010, og auken kjem i hovudsak innanfor nokre få varegrupper.

Prisane på varegruppa råvarer samt gruppa brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum gjekk opp med høvesvis 12,3 og 37,9 prosent det siste året. Prisauken i desse to gruppene må sjåast på bakgrunn av kraftig prisfall på metall, olje, oljeprodukt og straum mot slutten av 2008.

Prisane på matvarer samt drikkevarer og tobakk gjekk opp med høvesvis 3,6 og 4,0 prosent i februar i år samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Matvarer frå heimemarknaden og drikkevarer og tobakk frå importmarknaden medverka mest til utviklinga i tolvmånadersraten for denne gruppa.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  Februar 2010 Endring i prosent
  Januar 2010-Februar 2010 Februar 2009-Februar 2010
Totalindeks  136,1 1,6 7,1
Matvarer og levende dyr  128,2 1,3 3,6
Drikkevarer og tobakk  137,2 0,0 4,0
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  120,1 1,9 12,3
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  209,7 6,9 37,9
Kjemiske produkter  126,0 0,4 -0,4
Bearbeidede varer  124,6 0,0 1,5
Maskiner og transportmidler  102,9 0,1 -3,7
Forskjellige ferdige varer  108,8 0,3 -0,5