12088_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pppvare/arkiv
12088
Noreg og Danmark dyrare enn Sverige
statistikk
2007-04-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pppvare, Prisnivå på varer og tjenester, prisnivåindeks, EU-land, EØS-land, internasjonale sammenligningerKonsumpriser, Priser og prisindekser
false

Prisnivå på varer og tjenester2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Noreg og Danmark dyrare enn Sverige

Prisane på lækjemiddel i Noreg ligg mykje lågare enn i dei to andre EFTA-landa Sveits og Island, omkring på Danmark sitt nivå. Prisane er likevel langt høgare enn i Sverige og i Europa sett under eitt.

Sveits og Island skil seg ut frå dei andre landa i undersøkinga med eit svært høgt relativt prisnivå på lækjemiddel, høvesvis 87 og 60 prosent over eit gjennomsnitt av dei 25 medlemslanda i EU (EU25) på undersøkingstidspunktet. Noreg og Danmark ligg klart lågare enn desse i prisnivå, med eit resultat kring 20 prosent over EU25. Sveriges prisnivå ligg noko under gjennomsnittet for EU25.

Relativt prisnivå på lækjemiddel,
Europa 2005. EU25=100
EU25=100
Sveits                                        187
Island  160
Tyskland  128
Danmark  121
Noreg  120
Irland  119
Italia  118
Finland  111
Nederland  109
Austerrike  107
Belgia  106
Malta  106
Luxembourg  103
Kypros  102
Sverige 95
Portugal 94
Storbritannia 93
Frankrike 91
Slovenia 86
Latvia 79
Estland 79
Spania 77
Ungarn 74
Kroatia 73
Hellas 73
Bulgaria 72
Slovakia 71
Tsjekkia 71
Litauen 70
Romania 70
Tyrkia 69
Polen 68
Makedonia 58
Kjelde:  Eurostat.

Store prisnivåforskjellar

Prisnivåforskjellane på lækjemiddel er betydelege i Europa. Om vi konsentrerar oss kring EU-landa, er prisnivået på lækjemiddel i land som Polen, Litauen, Slovakia og Tsjekkia ikkje stort meir enn halvparten av nivået i Tyskland. Prisnivåforskjellane er mindre for originale merkevarer enn for såkalla ”generiske produkt”. Det siste er produkt som ikkje er trygga av patent, og som ofte vert produsert for heimemarknaden.

Undersøkinga blei gjennomført av Europakommisjonens statistikkontor, Eurostat, i samarbeid med 33 europeiske land i november 2005. Det blei samanlikna prisar på 181 lækjemiddel. Prisane som ligg til grunn i undersøkinga er totalprisen for produktet, det vil seie summen av det beløp forbrukaren betalar og subsidiedelen.

Les meir i Eurostats " Statistics in Focus ".