Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Sveits og Noreg dyrast i Europa
I ei prisnivåundersøking nyleg publisert av Eurostat, kjem Sveits og Noreg ut som Europas to dyraste land. Prisnivået i dei to EFTA-landa var meir enn 50 prosent høgare enn det gjennomsnittlege prisnivået i EU.
Den europeiske kjøpekraftsundersøkinga måler det relative prisnivået mellom landa i Europa. Sveits og Noreg hadde dei høgaste prisnivåa på totalnivå, respektive 62 og 51 prosent over gjennomsnittet av prisnivået i dei 27 EU-landa (EU27). Eit stykke på veg kjem dette av sterk valuta mot euro i båe landa, noko som ”gjer desse landa dyrare” sett frå utlandet. Danmarks prisnivå var 6 prosent lågare enn det norske, medan Sverige og Finland hadde eit prisnivå omkring 16 prosent lågare enn det norske. Makedonia, Albania og Bulgaria var dei relativt sett billigaste landa i Europa. I desse landa er det generelle prisnivået på omkring ein tredel av det norske.
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer |
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk |
Klede | Skotøy | Hotell- og restauranttenester |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 164 | 250 | 134 | 141 | 184 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sveits | 156 | 124 | 138 | 138 | 157 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 136 | 125 | 119 | 113 | 154 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 120 | 145 | 133 | 127 | 147 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Italia | 106 | 103 | 99 | 112 | 108 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 103 | 147 | 97 | 82 | 105 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frankrike | 108 | 109 | 104 | 98 | 104 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 110 | 97 | 103 | 105 | 103 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hellas | 103 | 92 | 103 | 108 | 98 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Spania | 93 | 83 | 88 | 102 | 94 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyrkia | 80 | 92 | 65 | 65 | 71 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Eurostat. |
Noreg dyrast for dei fleste typar varer og tenester
Noreg kjem ut som det dyraste landet i Europa i fleire produktgrupper i undersøkinga. Det norske prisnivået for alkoholhaldige drikkevarer og tobakk var to og ein halv gonger høgare enn gjennomsnittet av EU27. For hotell- og restauranttenester var det norske prisnivået 84 prosent høgare, medan for matvarer og alkoholfrie drikkevarer var prisnivået i Noreg 64 prosent over gjennomsnittet i EU27. Dei norske prisane på klede og sko var i 2011 respektive 34 og 41 prosent høgare enn i EU27.
Balkanland billigast på hotell- og restauranttenester
Makedonia, Albania og Bulgaria hadde Europas lågaste prisar på hotell- og restauranttenester i 2011. Prisnivået på desse tenestene i landa vest på Balkan er på under ein firedel av nivået i Noreg. Blant dei ferielanda som er dei mest populære hos nordmenn, har Tyrkia det mest behagelege prisnivået, omkring 60 prosent lågare enn det norske. Spania og Hellas har eit prisnivå som er drygt halvparten av det norske, medan prisnivået i Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Italia er omkring 40 prosent lågare. Hotell- og restaurantprisane i Sverige og Danmark er omkring 20 prosent lågare enn i Noreg.
Størst variasjon i prisar for alkoholhaldige drikkevarer og tobakk
Som ein del av resultata i undersøkinga ser vi òg nærare på variasjonen i prisnivåa landa i mellom (variasjonskoeffisienten). Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk er gruppa med dei største prisnivåskilnadene. Dei store skilnadene kjem først og fremst av ulikskap i avgiftsnivå mellom dei europeiske landa. Hotell- og restauranttenester har òg stor variasjon. Ein årsak til dette er at prisnivået på tenester ofte er nært knytt til dei svært ulike lønnsnivåa i landa.
Undersøkinga dekte meir enn 2 400 konsumvarer og tenester.
Totalt deltok 37 land i undersøkinga: Dei 27 EU-landa. Tiltredande EU-land Kroatia. Dei fire kandidatlanda til EU1: Montenegro, Makedonia, Serbia og Tyrkia Dei tre EFTA-landa: Noreg, Island og Sveits To andre europeiske statar: Albania, Bosnia-Hercegovina. |
Kva fortel tala?Resultata av undersøkinga er uttrykt i prisnivåindeksar, som syner korleis prisnivået i eit land er i forhold til gjennomsnittet av dei 27 EU-landa (EU27=100). Om til dømes indeksen for prisnivået i eit land er 120, tyder dette at prisnivået i landet er 20 prosent høgare enn gjennomsnittet av dei 27 EU-landa. Endringar i valutakurs verkar inn på prisnivået frå år til år. Prisnivåindeksane syner berre relative skilnader i prisnivå mellom land. Resultata fortel ikkje noko om den faktiske kjøpekrafta som ei gjennomsnittleg inntekt i kvart land eventuelt har. |
Prisnivåindeksane på totalnivå inkluderer fleire varegrupper enn det som er omtalt i denne artikkelen ( sjå Eurostats database ). For fleire av desse vare/tenestegruppene har Sveits eit høgare prisnivå enn Noreg. Dette er årsaka til at Sveits kommer ut som det dyraste landet på totalnivå.2
Les meir i Eurostats artikkel ”Statistics in Focus” .
1 | Rettet 26. juni 2012 |
Tabeller:
Statistikken publiseres nå som Sammenlikning av prisnivå i Europa.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42