Færre fekk tiltak frå barnevernet

Publisert:

54 600 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i 2019. Det er vel 1 000 færre enn året før. Størst prosentvis nedgang var det blant innvandrarar medan nokre fleire norskfødde med innvandrarforeldre fekk tiltak.

I 2019 var det i alt 400 færre innvandrarar og vel 100 fleire norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre som fekk tiltak i barnevernet samanlikna med 2018. Delen barn og unge med innvandrarbakgrunn med tiltak frå barnevernet er likevel uendra med 28 prosent, noko den har vore sidan 2017. Dette er nokre av tala som er å finne i statistikken Barnevern.

Mest vanleg med tiltak blant innvandrarar

Det var 6 prosent færre innvandrarar i aldersgruppa 0-17 år med tiltak i 2019. Det er likevel klart mest vanleg å få tiltak frå barnevernet blant innvandrarar samanlikna med norskfødde barn med innvandrarforeldre og barn utan innvandrarbakgrunn.

Figur 1. Barn 0-17 år med barnevernstiltak 31.12. per 1 000 barn, etter innvandrarbakgrunn. 2015-2019

2015 2016 2017 2018 2019
Innvandrarar 53 61 59.7 56.2 51.8
Norskfødde med innvandrarforeldre 34.9 34.5 33.5 33.1 31.7
Barn utan innvandrarbakgrunn 26.7 27.5 28 27.6 26.6

Blant barn og unge i alderen 0-17 år var det ved utgangen av 2019 nesten 52 innvandrarar per 1 000 innvandrarar som fekk tiltak, ned frå 56 i 2018. Til samanlikning var det under 32 per 1 000 blant norskfødde barn med innvandrarforeldre som fekk tiltak, ned frå 33 ved utgangen av 2018. Blant barn utan innvandrarbakgrunn var det ein mindre nedgang frå 28 til 27 per 1 000 barn med tiltak.

I befolkninga var det i 2019 omtrent 75 500 innvandrarar i aldersgruppa 0-17 år, noko som er 500 færre enn i 2018. I same periode auka talet på norskfødde med innvandrarforeldre med 5 900 til 139 250. Av desse fekk høvesvis 3 900 innvandrarbarn og 4 400 norskfødde barn med innvandrarforeldre tiltak frå barnevernet ved utgangen av 2019.

Fleire unge får ettervern

Det har sidan 2015 vore ein auke i unge i aldersgruppa 18-22 år som får ettervern, uavhengig av innvandrarbakgrunn. Også i 2019, då det totale talet på barn og unge med tiltak gjekk ned, auka talet som fekk tiltak i denne aldersgruppa. Det var i løpet av 2019 nesten 7 600 i aldersgruppa 18-22 år som fekk tiltak.

Fleire med innvandrarbakgrunn blant dei eldste i barnevernet

Blant unge som fekk ettervernstiltak i aldersgruppa 18-22 år, var delen med innvandrarbakgrunn nesten 40 prosent, som den har vore dei siste åra. Samanlikna med delen med innvandrarbakgrunn blant alle barn og unge med tiltak (28 prosent), er delen mykje større i denne eldste aldersgruppa.

Talet på unge innvandrarar med ettervern har auka frå 2015 til 2019. I 2015 var det 42 per 1 000 innbyggjar med innvandrarbakgrunn i denne aldersgruppa som fekk tiltak, medan tilsvarande tal ved utgangen av 2019 var nesten 48 per 1 000. Einslege mindreårige flyktningar er inkluderte blant innvandrarane.

I aldersgruppa 18-22 år er gapet mellom delen innvandrarar med tiltak og delen i dei to andre gruppene endå større enn for aldersgruppa 0-17 år. For perioden frå 2015 syner figur 2 at det har vore ein auke i unge med tiltak for alle uansett innvandrarbakgrunn.

Figur 2. Unge 18-22 år med barnevernstiltak 31.12. per 1 000 unge, etter innvandrarbakgrunn. 2015-2019

2015 2016 2017 2018 2019
Innvandrarar 42.1 44.3 43.8 45.4 47.6
Norskfødde med innvandrarforeldre 9.5 12.8 13.9 15.4 17.2
Unge utan innvandrarbakgrunn 7.2 9.2 9.9 10.7 11.5

Uendra del av meldingar og undersøkingar gjeld barn og unge med innvandrarbakgrunn

Både for meldingar til barnevernet og undersøkingar som vart konkluderte av barnevernet, var delen med innvandrarbakgrunn uendra frå 2018 til 2019. Som for tiltak er det litt mindre enn 1 av 3 som har innvandrarbakgrunn. Fram til 2018 vaks denne delen år for år, frå omtrent 1 av 4 med innvandrarbakgrunn i 2013.

Kontakt