Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Talet på sosialhjelpsmottakarar uforandra
Etter fleire år med nedgang i talet på sosialhjelpsmottakarar kan ein i 2000 registrere ein svak auke. Samstundes har utbetalingane til sosialhjelp auka. Totalt blei det utbetalt 4,0 milliardar kroner til sosialhjelp i fjor.
Etter ein stabil nedgang i talet på sosialhjelpsmottakarar sidan toppåret 1994, med meir enn 166 000 mottakarar, kan det noe synast som om det skjer ei utflating. Frå 126 200 mottakarar i 1999 steig talet til 127 200 sosialhjelpsmottakarar i fjor. 45 200 av desse sosialhjelpsmottakarane var nye i løpet av året. Dette er det same talet som for 1999.
Talet på gjengangarar blant sosialhjelpsmottakarane gjekk også nedover i perioden 1994 til 1999, medan det hold seg stabilt i fjor. I åra 1998 var det 89 000 personar som hadde teke imot sosialhjelp året føre, medan det i 1999 og 2000 var 81 000 personar som hadde teke imot sosialhjelp året føre.
Auka beløp
I løpet av fjoråret blei det i alt utbetalt om lag 4,0 milliardar kroner i sosialhjelp. Dette gir ein auke på noko over 62 millionar kroner eller ein auke på 1,6 prosent samanlikna med 1999 (omrekna i faste prisar). Gjennomsnittleg årleg sosialhjelpsyting per brukar var i fjor 29 000 kroner, eller litt over 6 300 kroner per månad med hjelp. Dette er om lag det same nivået som i 1999. Auken i dei totale utbetalingsnivået har altså ikkje medført noko auke i dei årlege og månadlege utbetalingane.
Høgast stønadsnivå i Oslo
Dei regionale forskjellane i nivået på gjennomsnittleg årleg stønadsbeløp er også store. Klart høgast stønadsnivå har Oslo med eit gjennomsnitt på om lag 44 000 kroner per tilfelle. Dette er nesten 12 000 kroner meir enn neste fylke som er Akershus med om lag 32 000 kroner per tilfelle. Finnmark hadde også i 2000 det lågaste gjennomsnittlege stønadsnivået, med 19 400 kroner per tilfelle.
Det er nær samanheng mellom kommunestorleik og stønadsnivå. Nivået på stønaden er høgast i dei mest folkerike kommunane. Medan gjennomsnittleg stønad per tilfelle i kommunar med over 50 000 innbyggjarar var 36 500 kroner i 2000, var det tilsvarande talet for kommunar med under 5 000 innbyggjarar 18 800 kroner. Sosialhjelpa er òg meint å dekkje klientanes bukostnader, høge bukostnader i tettfolka kommunar medverkar til høgare sosialhjelpsnivå i desse kommunane.
Nedgang blant langtidsmottakarane
Frå 1998 til 1999 gjekk talet på mottakarane som fekk sosialhjelp i 6 månader eller meir ned frå om lag 38 prosent av alle mottakarane i 1998 til 37 prosent i 1999. Sjølv blant langtidsmottakarane har utviklinga i 2000 flata ut etter fleire år med nedgang, og det var da om lag 38 prosent som fekk sosialhjelp i 6 månader eller meir. I 1996 var det heile 41 prosent av alle mottakarane som hadde sosialhjelp i 6 månader eller meir.
I 1999 var vel 11 200 sosialhjelpsmottakarar heilårsklientar, mot 12 100 i fjor. Dette talet er likevel noko lågare enn tidligare år. Den gjennomsnittlege stønadslengda for landets mottakarar var i fjor på 5 månadar.
Liten endring i aldersspreiinga på sosialhjelpsmottakarane
Dei siste åra er det blant mottakarane i aldersgruppa 20 til 24 år ein har funne den største nedgangen. Tala for 2000 viser at denne nedgangen har stagnert, og ein kan registrere ein minimal auke til 21 000 mottakarar i denne aldersgruppa. Dette utgjer 8 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa. Tilsvarande tal frå 1994 var 11 prosent av aldersgruppa. I 1999 var talet på mottakarar i aldersgruppa 20 og 24 år 22 800.
Ser ein på stønadsmottakarar per 1 000 innbyggjarar for dei ulike aldersgruppene, er det aldersgruppa 20 til 24 år som har den største delen med 74 mottakarar per 1 000 innbyggjarar. Men også i aldersgruppa 25 til 29 år er delen mottakarar per 1 000 innbyggjarar ganske høg. Her ligg delen på 55.
Litt fleire har trygd/pensjon som hovudinntektskjelde
Om lag 36 prosent av sosialhjelpsmottakarane i 2000 oppgjer å ha trygd eller pensjon som viktigaste kjelde til livsopphald. For 1999 var det tilsvarande talet 34 prosent. Talet på mottakarar som har gjeve opp arbeidsinntekt som viktigaste inntektskjelde, har lege på rundt 12 prosent dei siste 3 åra. Før dette har det lege stabilt på 11 prosent sidan 1993.
Det ser framleis ut til at mottakarane i stor grad er avhengige av sosialhjelp som inntektskjelde. Talet på sosialhjelpsmottakarar som oppgjer å ha sosialhjelp som hovudinntektskjelde har fram til i fjor stege sidan 1988. I 1988 gjaldt dette 27 prosent av klientane, mot 46 i prosent i 1999 og 45 prosent i 2000.
Delen av sosialhjelpstilfelle høgast i Finnmark
Dei fylkesvise forskjellane i talet på stønadstilfelle i høve til folketalet er store. Oslo har lenge vore på toppen med høgast tal på stønadstilfelle. I fjor fekk 19 900 personar sosialhjelp i Oslo. I 1999 hadde Oslo 41 stønadstilfelle per 1 000 innbyggjarar, i 2000 sank talet til 39 tilfelle. Den høgaste delen av stønadstilfelle i fjor hadde Finnmark, med 46 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Størst auke i talet på tilfelle per 1 000 innbyggjarar frå 1999 hadde Østfold med 40 tilfeller per 1 000 innbyggjarar i 2000 mot 37 i 1999. Vestfold har derimot hatt ein nedgang frå året før, frå ein del på 34 tilfelle i 1999 til 30 i 2000.
Akershus har framleis færrast sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet, med 21 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Delen av sosialhjelpstilfelle aukar med innbyggjartalet i kommunane. Kommunar med over 50 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt 34 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, mens tilsvarande tal for kommunar med under 20 000 innbyggjarar er 28 tilfelle.
Tabeller:
- Tabell 1 Stønadstilfelle med økonomisk sosialhjelp, etter alder, fylke og kommunestorleik. 1987-2000
- Tabell 2 Brutto utbetalt økonomisk sosialhjelp, etter stønadens art, fylke og kommunestorleik. 1987-2000. 2000-kroner (Tallene er rettet 19. juni 2003)
- Tabell 3 Gjennomsnittleg sosialhjelp per månad med utbetaling. Tal for stønadstid og familiefase. 2000
- Tabell 4 Sosialhjelpsmottakarar, etter stønadstid og familiefase. 2000
- Tabell 5 Sosialhjelpsmottakarar, etter talet på kommunar kor dei har motteke økonomisk sosialhjelp og alder. 2000
- Tabell 6 Sosialhjelpsmottakarar, etter hovudinntektskjelde og familiefase. 2000
- Tabell 7 Sosialhjelpsmottakarar, etter arbeidssituasjon og familiefase. 2000
- Tabell 8 Sosialhjelpsmottakarar, etter tilhøve til trygdesystemet og familiefase. 2000
- Tabell 9 Sosialhjelpsmottakarar, etter statsborgarskap og alder. 2000
Kontakt
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66