Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Litt fleire fekk sosialhjelp
Etter fleire år med nedgang i talet på mottakarar av sosialhjelp, kunne ein i 2000 registrere ein svak auke. Tala for 2001 syner også ein auke i talet på sosialhjelpstilfelle, til nærare 140 000 personar. Det er om lag 3 prosent av befolkninga.
Utbetalingane til sosialhjelp har også auka det siste året. Totalt blei det utbetalt om lag 4,3 milliardar kroner til sosialhjelp i 2001.
Etter ein stabil nedgang i talet på sosialhjelpstilfelle sidan toppåret 1993, med meir enn 177 700 sosialhjelpstilfelle, kunne ein i 2000 registrere ein svak auke. Dei førebelse tala for 2001 tyder på at auken varar ved. I år vil ein mest truleg ende på om lag 139 000 sosialhjelpstilfelle.
Færre yngre fekk sosialhjelp
Den fylkesvise oversikta syner òg at den svake auken gjeld for mange av fylkane. Ser vi på den aldersmessige fordelinga, kan det se ut som om vi har fått ein nedgang i talet på sosialhjelpstilfelle blant dei yngste mottakarane, medan det for dei andre aldersgrupperingane, og da særleg for gruppa 30-39 år, har vore ein auke.
Auka beløp
I løpet av fjoråret ser det førebels ut til at ein på landsbasis har utbetalt om lag 4,3 milliardar kroner i sosialhjelp, mot 4,0 milliardar året før. Den gjennomsnittlege årlege sosialhjelpsytinga per brukar var i 2000 på 29 000 kroner, medan den for 2001 kan sjå ut til å bli om lag 31 000 kroner.
Den fylkesvise oversikta syner at det også i år er skilnader mellom fylka. Oslo har som tidligare år dei høgaste gjennomsnittlege utbetalingane, medan Finnmark har dei lågaste.
Om statistikken
Tala er førebelse og baserte på ikkje ferdigreviderte opplysningar frå om lag 98 prosent av kommunane. Frå og med 2002 rapporterer alle kommunar data gjennom KOSTRA-systemet. Det inneber at 218 kommunar/bydelar rapporterte for første gong under 2001-rapporteringa.
Saman med overgang til elektronisk rapportering har det også vorte endringar i publiseringa av statistikken. Detaljerte samanlikningstal for kommunane er tilgjengelege på heimesidene til Statistisk sentralbyrå på Internett: http://www.ssb.no/kostra/ .
Avvik mellom tala i KOSTRA og i denne artikkelen kjem av at nokre kommunar ikkje leverte tidsnok til publiseringa av KOSTRA-tal 17. juni. Nokre av desse kommunane har kome inn seinare og er tekne med her.
Tabeller:
Denne siden oppdateres ikke lenger, se Økonomisk sosialhjelp, Årlig.
Kontakt
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66