Innhold
Publisert:
Nær uendra tal på sosialhjelpstilfelle
Etter fleire år med nedgang i talet på personar som mottok sosialhjelp, kunne ein i 2000 registrere ein svak auke. Tendensen fortsatte også i 2002, kor om lag 137 700 personar fekk sosialhjelp. Det tilsvarande talet for 2001 var 137 400 personar.
Utbetalingane til sosialhjelp har også auka det siste året. Totalt blei det utbetalt om lag 4,6 milliardar kroner til sosialhjelp i 2002.
Aldersfordelinga stabil
Den fylkesvise oversikta syner òg at den svake auken gjeld for mange av fylka. Ser vi på den aldersmessige fordelinga, syner den at fordelinga har holde seg stabil frå 2001 til 2002. Famleis finn ein det høgaste talet mottakarar i aldersgruppa 30 til 39 år. Ser ein derimot talet på mottakarar i forhold til folketal, finn ein den største delen blant dei i alderen 20 til 24 år. Heile 7,5 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa fekk økonomisk sosialhjelp i 2002.
Auka beløp
I løpet av fjoråret ser det førebels ut til at det på landsbasis blei utbetalt om lag 4,6 milliardar kroner i sosialhjelp, mot 4,3 milliardar året før, ein auke på 4,9 prosent. Den gjennomsnittlege årlege sosialhjelpsytinga per tilfelle var i 2001 på 31 400 kroner, medan den for 2002 kan sjå ut til å bli om lag 33 400 kroner.
Den fylkesvise oversikta syner at det også i år er skilnader mellom fylka. Oslo har som tidlegare år dei høgaste gjennomsnittlege utbetalingane, medan Troms synest å ha dei lågaste.
Svak auke i talet på sosionomar og vernepleiarar i sosialtenesta
Frå 2000 til 2001 kunne ein registrera ein nedgang i talet på både sosionomar og vernepleiarar i sosialtenesta. I år kan ein derimot registrere ein svak auke tilbake til nivået i 2000. Talet på sosionomar har auka frå om lag 1 900 i 2001 til 2 000 i 2002. Medan talet på vernepleiarar har auka frå om lag 120 i 2001 til 130 i 2002.
Om statistikken
Tala er førebelse og baserte på ikkje ferdigreviderte opplysningar frå alle landets kommunar. Endelege tal for økonomisk sosialhjelp 2002 vil bli publiserte i august.
Detaljerte samanlikningstal for kommunane er tilgjengelege på heimesidene til Statistisk sentralbyrå på Internett: http://www.ssb.no/kostra/ .
Avvik mellom tala i KOSTRA og i denne artikkelen kjem av at nokre kommunar ikkje leverte tidsnok til publiseringa av KOSTRA-tal 16. juni. Nokre av desse kommunane har kome inn seinare og er tekne med her.
Tabeller:
Denne siden oppdateres ikke lenger, se Økonomisk sosialhjelp, Årlig.
Kontakt
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66