Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Stabil del av befolkninga får sosialhjelp
Delen av befolkninga som får sosialhjelp har vore stabil. Det same ser ut til å være tilfelle for den gjennomsnittlege stønadslengda. Innføringa av introduksjonslova har medført at tala for 2003 og 2004 ikkje er fullt samanliknbare med kvarandre og tidlegare år.
2003 og 2004 spesielle år for sosialhjelpsstatistikken
I 2003 kom ei ny lov, lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova). Lova trådde i kraft som frivillig ordning for kommunane frå 1. september 2003, og blei obligatorisk frå 1. september 2004. I 2003 blei rapporteringsskjemaet for sosialhjelpsmottakarar utvida til òg å inkludere mottakarar av introduksjonsstønad. Introduksjonslova trådde i kraft midt i rapporteringsåret, dette saman med manglande oppdatering av interne fagsystem i kommunane gjorde det umogleg å skilje mottakarane av dei to ordningane i 2003. Sjølv om det for 2004-rapporteringa blei utvikla eit eige skjema for mottakarar av introduksjonsstønad, har det at ordninga starta seint på året medført at mange er registrerte som mottakarar av sosialhjelp i byrjinga av året og så som mottakarar av introduksjonsstønad mot slutten av året. Samanblandinga av dei ulike mottakargruppene i store delar av året har gjort det umogeleg å skilje beløpa frå dei to stønadane. Dette gjer at rapporteringane for 2003 og 2004 i liten grad kan samanliknast med tidlegare år, samstundes som dei heller ikkje kan samanliknast med kvarandre.
Talet på mottakarar minka - delen av befolkninga held seg stabil
Sosialhjelp kan i nokon grad nyttast som ein målestokk på moglegheit og evne til sjølvforsørging i ei gruppe. Frå 2000 til 2002 låg det årlege talet på personar som hadde vore i kontakt med sosialkontoret på mellom 127 000 og 129 000. Dette tilsvarar knapt 3 prosent av befolkninga. I 2003 var knapt 135 400 personar i kontakt med sosialkontoret, medan talet i 2004 var redusert til 132 100. Den markerte auken frå 2002 til 2003 kjem i hovudsak av innføringa av introduksjonsstønaden, og eit felles rapporteringsskjema for dei to ordningane. Nedgangen frå 2003 til 2004 kjem i hovudsak av overgang til to separate rapporteringsskjema (sjå boks for meir informasjon). Trass i auken i talet på mottakarar i 2003 og nedgangen i 2004 har delen av befolkninga som i kortare eller lengre periodar får sosialhjelp vore stabil på 3 prosent. Utmålinga av økonomisk sosialhjelp skjer ut frå inntekta til mottakaren, og dei samla inntektene og utgiftene i hushaldet. Tek ein barn og ektefellar med i berekninga, aukar delen av befolkninga til i underkant av 5 prosent. Dette tilsvarar det same nivået som i perioden 1999 til 2002, medan det er noko lågare enn 2003.
Den største gruppa av sosialhjelpsmottakarar har i ei årrekkje vore i aldersgruppa 30-39 år, vel 27 prosent av mottakarane er i denne aldersgruppa. Ser ein aldersfordelinga blant mottakarane opp mot dei same aldersgruppene i befolkninga, er det i aldersgruppa 20-24 år det er flest sosialhjelpsmottakarar. Heilt sia 1998 har rundt 8 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa fått sosialhjelp i ein kortare eller lengre periode av rapporteringsåret. Den nest største gruppa av mottakarar finn vi i den neste aldersgruppa 25-29 år. Vel 6 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa hadde vore i kontakt med sosialkontoret i 2004. Sjølv om delen av befolkninga innafor alle aldersgruppene har vore meir eller mindre stabil i fleire år, er det dei nemnde aldersgruppene som er mest påverka av innføringa av introduksjonsordninga. Dette kjem nok i stor grad av at unge innvandrarar tidlegare blei forsørgja av foreldra, medan dei no deltek i introduksjonsordninga og blir registrerte som sjølvstendige mottakarar.
Reduksjon i dei totale utgiftene
Totalt blei det i 2004 utbetalt vel 4,9 milliardar kroner til økonomisk sosialhjelp. Dette er ein reduksjon på knappe 2 prosent frå 2003. Reduksjonen kjem i hovudsak av at mottakarar av introduksjonsstønad og sosialhjelp i år blei skilde i to separate skjema. Kvaliteten på materialet frå mottakarar av introduksjonsstønad har vore for dårleg til at det har vore mogeleg å sjå beløpa frå dei to ordningane saman.
Kvar mottakar fekk i gjennomsnitt utbetalt 7 118 kroner per månad i 2004, medan tilsvarande beløp for 2003 var 7 768 kroner - begge beløpa i 2004-kroner. Reduksjonen i den månadlege utbetalinga kjem som for den totale utbetalinga av splittinga i to skjema og at introduksjonsstønaden blir utbetalt som ei individuell skattepliktig yting. Stønaden ligg derfor noko høgare enn sosialhjelpa som ikkje er skattepliktig. Ser ein derimot på den gjennomsnittlege utbetalinga for heile året, syner den at gjennomsnittsbeløpet har auka trass i splittinga i to skjema.
Dei fleste får stønad i ein kort periode
Dei siste åra har rundt 20 prosent av sosialhjelpsmottakarane fått økonomisk stønad i berre éin månad i året. Inkluderer ein mottakarar med stønad i to og tre månader, aukar delen til rundt 45 prosent. Ein stor del av mottakarane oppfyller altså lovas intensjon om at sosialhjelpa berre skal vere ei tilleggsyting som varer ein kort periode. Den gjennomsnittlege stønadslengda var i 2004 på 5,3 månader. Eit nivå som har vore stabilt på rundt fem månader sidan 2000. Sjølv om ein stor del av mottakarane berre får stønad i ein kortare periode, er det framleis ein relativt stor del som har behov for bistand ein større del av året. Heilt sidan 2000 har om lag 10 prosent av mottakarane fått stønad gjennom heile året.
Det kan vere fleire grunnar til at personar får stønad i ein lengre periode i eit år, og uventa hendingar kan påverke behov for sosialhjelp hos personane når bare eit år blir lagt til grunn. For å få eit betre bilete av kor stor del av mottakarane som har eit vedvarande problem med eigenforsørginga, bør ein følgje mottakarane over fleire år. Dette vil, i større grad enn for eit enkelt år, gjere det mogleg å kontrollere for om mottaket av den økonomiske stønaden er resultat av ei spesiell hending eller ikkje. Ser ein på kor mange av mottakarane med stønad i heile 2004 som òg fekk stønad i heile 2003 og 2002, finn ein at 2,6 prosent av mottakarane i 2004 òg hadde fått stønad i dei to førre åra. Bare ein svært liten del av mottakarane har altså eit langvarig problem med eigenforsørginga. Ser vi på gruppa av mottakarar med stønad i ti månader eller meir i 2004, viser det seg at 8,6 prosent av desse òg hadde fått stønad i ti månader eller meir i 2003 og 2002.
Kvart år kjem ei rekkje nye personar i kontakt med sosialkontoret. Dei siste åra har delen av nye mottakarar lege på vel 35 prosent. Det har vore ein liten reduksjon i 2004, og delen ligg no på 33 prosent. Om dette kjem av splittinga på to ulike skjema er ikkje mogeleg å seie.
Årsverk i sosialtenesta
Ved utgangen av 2004 blei det registrert 5 395 stillingar i sosialtenesta. Dette omfattar berre dei årsverka som er knytt til dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene retta mot råd, rettleiing og sosialførebyggjande arbeid, og mot tilbod til personar med rusproblem. Dersom ein òg inkluderer årsverka som er knytt til kommunale sysselsetjingstiltak, auka talet til 6 084 årsverk. Nesten 46 prosent av dei som arbeidde i sosialtenesta ved utgangen av 2004, hadde utdanning som sosionom eller barnevernspedagog. Ser ein på talet på tilsette i forhold til folketalet (18 år og over), låg gjennomsnittet for landet på 1,7 stillingar per 1 000 vaksne innbyggjarar i 2004.
Skilnaden på sosialhjelp og introduksjonsstønad
Sosialhjelpa kjem inn der anna privat og offentleg forsørging ikkje strekk til. Sosialhjelpa er berre meint å vere ein subsidiær yting som varer kort tid. Eit viktig vilkår for utbetalinga er derfor at alle andre løysingar er prøvd før sosialhjelpa blir utbetalt. Sosialhjelpslova har eit todelt formål: inntektssikring og rehabilitering. Sosialhjelpa skal vere økonomisk sikring for den enkelte, samt gjere den enkelte i stand til å klare seg sjølv. Sosialhjelpsutbetalinga er basert på ei skjønnsmessig vurdering og blir sett i forhold til både inntekta til søkjaren og den totale inntekta til familien, samt kven søkjaren forsørgjer og kva utgifter ytinga skal dekkje. Sosialhjelp blir normalt gitt i form av kontantstønad, men kan i særlege tilfelle bli gitt i form av lån eller rekvisisjonar. Sosialtenesta kan òg i særlege tilfelle yte økonomisk hjelp til personar som treng det for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon dersom vilkåra for sosialhjelp elles ikkje er oppfylte. Introduksjonsstønaden er derimot ein individuell stønad som blir gitt til nykomne utlendingar med flyktningliknande bakgrunn mellom 18 og 55 år og som har behov for grunnleggjande kvalifisering. Programmet skal som hovudregel vare i inntil to år, og innhaldet skal vere individuelt tilrettelagt og innehalde norskopplæring, samfunnskunnskap og tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknyting til yrkeslivet. Introduksjonsstønad er den ytinga deltakaren i introduksjonsprogrammet får frå kommunen, til dekking av livsopphald i programperioden. Stønaden er på årsbasis lik to gangar grunnbeløpet i folketrygda (2 G). Deltakarar under 25 år får 2/3 stønad. Stønaden er skattepliktig og dersom deltakaren har fråvere frå opplæring og tiltak, utan gyldig grunn, blir vedkommande trekt i stønaden time for time. Stønaden er lik for alle og ikkje behovsprøvd. Dette vil seie at den ikkje blir avkorta mot barnetrygd, kontantstøtte og så vidare. Ytingar frå folketrygda som sjukepengar og dagpengar blir likevel avkorta. |
Tabeller:
- Tabell 1 Stønadstilfelle med økonomisk sosialhjelp (inkludert introduksjonsstønad), etter alder, fylke og kommunestorleik. 1987-2004
- Tabell 2 Brutto utbetalt økonomisk sosialhjelp, etter arten på stønaden , fylke og kommunestorleik. 1987-2004. 2004-kroner
- Tabell 3 Gjennomsnittleg sosialhjelp per månad med utbetaling. Tal for stønadstid og familiefase. 2004
- Tabell 4 Sosialhjelpsmottakarar, etter stønadstid og familiefase. 2004
- Tabell 5 Sosialhjelpsmottakarar, etter talet på kommunar der dei har motteke økonomisk sosialhjelp og alder. 2004
- Tabell 6 Sosialhjelpsmottakarar, etter hovudinntektskjelde og familiefase. 2004 (Rettet 02.03.2006)
- Tabell 7 Sosialhjelpsmottakarar etter arbeidssituasjon og familiefase. 2004 (Rettet 28.02.2006)
- Tabell 8 Sosialhjelpsmottakarar etter tilhøve til trygdesystemet og familiefase. 2004
- Tabell 9 Sosialhjelpsmottakarar etter statsborgarskap og alder. 2004
- Tabell 10 årsverk i sosialtenesta per 31. desember, etter fylke. 2004 (Rettet 16. august 2006)
Kontakt
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66