Private breibandsabonnement blir endå raskare

Publisert:

Private breiband i Noreg har ei medianhastigheit som er 56 prosent raskare enn for eit år sidan. Talet på private breibandsabonnement har òg overstige 2 millionar det siste året.

 

Medianverdien for hastigheita til private breiband i Noreg var i 4. kvartal 2017 43,2 Mbit/s, viser statistikken internett-målinga. I 4.kvartal 2016 var det tilsvarande talet 27,7 Mbit/s. For verksemder har medianhastigheta auka frå 14,3 Mbit/s i 4.kvartal 2016, til 17,1 Mbit/s eitt år seinare. Trenden med sterk auke i breibandshastigheiter dei siste åra held dermed fram.

Gjennomsnittshastigheita for private breiband har auka frå 67,2 Mbit/s til 81,1 Mbit/s berre i løpet av det siste kvartalet. Dette gjev ein auke på 21 prosent.

Ny hastigheitsinndeling påverkar gjennomsnittshastigheita

1. kvartal 2017 fekk undersøkinga nye hastigheitskategoriar, for å ta høgde for stadig raskare breiband. Dette gjer at gjennomsnittshastigheiter frå 2017 ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Den gamle inndelinga fanga ikkje tilstrekkeleg opp dei svært raske breibanda som har kome gradvis dei siste åra.

Mellom 4. kvartal 2016 og 1. kvartal 2017 vart fire av dei lågaste hastigheitskategoriane slegne saman til éin kategori (128 kbit/s til 4 mbit/s), og det vart lagt til tre nye kategoriar over den som tidlegare var raskast (128 Mbit/s og opp).

Eit breibandsabonnement på 1000 Mbit/s ville tidlegare hamna i same kategori som eit abonnement på 150 Mbit/s og fått same verdi i hastigheitsberekninga vår. No kjem det raskaste abonnementet i eksempelet to kategoriar over og får ein meir korrekt verdi i hastigheitsberekninga.

Medianhastigheita blir ikkje påverka av ekstremt raske breiband på same måte som gjennomsnittshastigheita, og endringa i inndeling av hastigheit får ingen effekt. For å finne det «typiske» breibandet i Noreg er medianhastigheita difor eit betre mål.

Figur 1. Overføringskapasitet for breibandsabonnement, etter marknad. Medianverdi og gjennomsnitt

Gjennomsnitt private Median private Gjennomsnitt bedrifter Median bedrifter
4. kv. 2004 1.0 0.6
1. kv. 2005 1.0 0.7
2. kv. 2005 1.3 0.8
3. kv. 2005 1.4 0.8
4. kv. 2005 1.5 0.9
1. kv. 2006 1.6 1.0
2. kv. 2006 2.1 1.6
3. kv. 2006 2.2 1.7
4. kv. 2006 2.9 2.1
1. kv. 2007 3.0 2.1
2. kv. 2007 3.3 2.2
3. kv. 2007 3.5 2.3
4. kv. 2007 3.8 2.5
1. kv. 2008 3.9 2.6
2. kv. 2008 4.1 2.7
3. kv. 2008 4.3 3.0
4. kv. 2008 5.0 3.3 4.1 1.8
1. kv. 2009 5.4 3.5 4.2 1.8
2. kv. 2009 5.5 3.4 4.0 1.9
3. kv. 2009 5.7 3.5 4.1 1.9
4. kv. 2009 5.9 3.6 5.6 3.3
1. kv. 2010 6.1 3.7 6.1 3.4
2. kv. 2010 6.3 3.9 6.1 3.4
3. kv. 2010 6.6 4.1 6.4 3.5
4. kv. 2010 6.8 4.5 6.6 3.6
1. kv. 2011 7.4 5.3 7.1 3.7
2. kv. 2011 10.4 5.7 7.4 3.8
3. kv. 2011 10.7 6.0 7.7 3.9
4. kv. 2011 11.4 6.7 8.4 4.1
1. kv. 2012 12.8 7.2 9.1 4.4
2. kv. 2012 13.5 7.4 9.9 4.7
3. kv. 2012 14.8 7.9 10.3 4.9
4. kv. 2012 15.6 8.6 11.0 5.3
1. kv. 2013 16.5 9.1 11.5 5.5
2. kv. 2013 16.9 9.6 12.3 5.8
3. kv. 2013 17.7 9.2 12.0 4.5
4. kv. 2013 18.4 10.2 13.3 5.5
1. kv. 2014 19.2 11.1 14.3 6.1
2. kv. 2014 23.1 17.8 15.1 6.6
3. kv. 2014 26.7 18.9 16 7.1
4. kv. 2014 28.3 20.4 16.8 7.7
1. kv. 2015 29.9 21 18.2 8.6
2. kv. 2015 31.5 22.8 19.1 9.5
3. kv. 2015 33.3 24.4 20.4 10.4
4. kv. 2015 34.6 24.9 21.6 11.2
1.kv. 2016 40.2 25.6 22.9 12.0
2. kv. 2016 43.0 26.3 24.5 13.0
3. kv. 2016 44.8 26.9 25.2 13.4
4. kv. 2016 47.0 27.7 26.6 14.3
1. kv. 2017 59.5 31.5 38.5 15.1
2. kv. 2017 63.0 32.5 41.5 15.9
3. kv. 2017 67.2 33.9 44.0 16.4
4. kv. 2017 81.1 43.2 46.7 17.1

Tal på private abonnement aukar, verksemdsabonnement går ned

I 4. kvartal 2017 var det 2 151 000 faste breibandsabonnement i Noreg. Av desse var talet på private abonnement 2 022 000. Talet på private abonnement har auka med 57 000 det siste året, og 13 000 sidan 3. kvartal. I tillegg var det 129 000 breibandsabonnement for verksemder,  som er ein nedgang på 2 600 det siste året.

Det var 85 private breiband per 100 hushald i 4. kvartal 2017, mot 83 i det same kvartalet 2016. Dekningsgraden er størst på Svalbard og i Oslo, med høvesvis 94 og 93 prosent, og minst i Finnmark med 76 prosent.

Meir om private breiband og dekningsgrad

Dekningsgraden i undersøkinga er eit estimat, og ikkje nødvendigvis den nøyaktige prosentdelen av hushald med breiband. Han er rekna ut frå talet på private breiband delt på talet på hushald, multiplisert med 100.

Det finst faktorar som kan gjere den utrekna dekningsgraden ulik faktisk dekningsgrad. Til dømes finst det breibandsabonnement tilknytte hytter som ikkje vert rekna som hushald. Det gjer at fleire «hyttekommunar» får ein dekningsgrad på over 100. I motsett retning kan ein tenkje seg enkelte hushald som har tilgang til breiband utan å ha eit eige breibandsabonnement.

Figur 2

Figur 2. Breibandsabonnement, fordelt etter marknad

Akershus tek over for Rogaland som raskaste breibandsfylke

Den høgaste medianhastigheita for private breiband finn ein i Akershus, i motsetnad til 4. kvartal 2016 då Rogaland var klart raskast. I 4. kvartal 2017 var medianhastigheita for private breiband i Akershus 52,2 Mbit/s, mot 29,2 Mbit/s eitt år tidlegare. Hastigheitene i Rogaland og Oslo er også på nivå med Akershus, med høvesvis 51,2 og 50,2 Mbit/s.

I motsett ende av skalaen finn ein Oppland og Finnmark med ei medianhastigheit på høvesvis 25,3 og 25,4 Mbit/s. For eit år sidan var hastigheitene i desse fylka 16,1 og 20 Mbit/s.

Figur 3

Figur 3. Medianhastigheit for private breiband, etter fylke. 4. kvartal 2017

Les også meir her : Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Kontakt