Stadig fleire føretak nyttar sosiale medium

Publisert:

76 prosent av norske føretak med minst ti sysselsette nyttar sosiale medium. Det er dei største føretaka som er dei ivrigaste brukarane.

I samband med undersøkinga Bruk av IKT i næringslivet  er norske føretak mellom anna spurt om bruken av sosiale medium. Sist norske føretak vart spurt om dette var i 2017. Då nytta 72 prosent av føretaka sosiale medium. Dermed held veksten me har sett dei siste åra fram.

I likskap med hushalda er altså næringslivet flittige brukarar av sosiale medium. Nettsamfunn som Facebook og Linkedin er den klart mest brukte varianten av sosiale medium. 76 prosent av føretaka nytta slike sosiale nettsamfunn i 2019, noko som er ein oppgang frå 71 prosent frå 2017. For føretak med minst 100 sysselsette nytta 85 prosent slike sosiale nettsamfunn i 2019.

Føretaks- og mikrobloggar som til dømes Twitter er ikkje like populært. 10 prosent av føretaka svara at dei nyttar dette i 2019. Ikkje overraskande er også her dei største føretaka mest aktive. 26 prosent av føretaka med over 100 sysselsette nyttar slike bloggar.

1 Del av føretak som nyttar eit eller fleire sosiale medium

Figur 1. Del av føretak med minst ti sysselsette som nyttar ulike sosiale medier. 2019

2017 2019
Digitale dugnadsarenaar ( t.d. wikiar) 5 5
Foretaksblogg eller mikroblogg, f.eks. Twitter 11 10
Nettsteder for deling av multimedieainnhald (t.d. Youtube) 15 15
Nettsamfunn (t.d. Facebook, Linkedin) 71 76
Nyttar sosiale medier¹ 72 76

Næringsgruppa informasjon og kommunikasjon er største brukar

Næringsgruppene handel med og reparasjon av motorkjørety, og informasjon og kommunikasjon er dei som i størst grad nyttar sosiale medium. I begge desse næringsgruppene oppgjev 92 prosent av føretaka at dei nyttar sosiale medium. Bygg og anlegg, og transport og lagring er dei næringsgruppene kor færrast føretak nyttar sosiale medium.

Næringsgruppa informasjon og kommunikasjon er også den klart største brukaren av føretaksblogg og nettsider for deling av multimedieinnhald, kor høvesvis 43 og 41 prosent av føretaka nyttar desse media.

Kva slags føretak og næringar er med i undersøkinga?

Populasjonen for undersøkinga femner føretak med minst 10 sysselsette i dei følgjande næringsområda (SN2007):

C Industri (10-33);

D Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn (35);

E Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd (36-39);

F Byggje- og anleggsverksemd (41-43);

G Varehandel, reparasjon av motorvogner (45-47);

H Transport og lagring (49-53);

I Overnattings- og serveringsverksemd (55-56);

J Informasjon og kommunikasjon (58-63);

L Omsetning og drift av fast eigedom (68);

M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-74);

N Forretningsmessig tenesteyting (77-82);

S Anna tenesteyting (95.1).

Frå og med 2014 er ikkje næring K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19) inkludert i undersøkinga.

Figur 2. Del av føretak med minst ti sysselsette som nyttar sosiale medier, etter næringsgruppe. 2019

Prosent
Transport og lagring 59
Bygg og anlegg 63
Industri, elektrisitets- og vannforsyning 74
Annan privat tenesteyting 77
Engroshandel 80
Overnattings- og serveringsverksemd 81
Detaljhandel 88
Handel med og reparasjon av motorkjørety 92
Informasjon og kommunikasjon 92

Omdømmeutvikling og rekruttering er dei viktigaste formåla

I tråd med tidlegare undersøkingar er det utvikling av omdømmet til føretaket og føretaket sine produkt, samt rekruttering av nye tilsette flest føretak oppgjev som formål med bruken av sosiale medium. For 2019 oppgav høvesvis 71 og 65 prosent av dei som nyttar sosiale medium at dei nyttar det til desse formåla. Næringsgruppa informasjon og kommunikasjon skil seg særleg ut, kor 89 prosent av dei som nyttar sosiale medium nyttar dette til omdømmeutvikling. 

1 Blant føretak med minst ti sysselsette som har oppgitt at dei nyttar sosiale medier.

Figur 3. Formål med bruk av sosiale medier. 2019¹

Prosent
Involvere kundar i produktutvikling 22
Samarbeide med partnere/andre organisasjoner 25
Utveksle meninger/kunnskap innad i foretaket 39
Motta/gje respons på kundane sine meininger, omtalar og spørsmål 43
Rekruttering av tilsette 65
Utvikling av omdømmet til føretaket 71

Mogleg å samanlikne med andre europeiske land

Undersøkinga Bruk av IKT i næringslivet er i regi av EU sitt statistikkontor, Eurostat. Tala kan derfor samanliknast med andre europeiske land på Eurostat sine nettsider.

Kontakt