13696_om_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
13696_om
statistikk
2015-02-24T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 4. kvartal 2014 sank private bredbånd per 100 husholdninger kraftig i mange kommuner etter nye husholdningstall.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2014

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)
Emne: Teknologi og innovasjon

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Internett-abonnement: Ei teneste som gjev sluttbrukarar tilgang til Internett.

Fast tilgang til Internett: Alle teknologiar som krev ein fast kopling via kabel (som koppar, koaksial, fiber) eller fastmontert antenne (som for mottak av radiosignal frå bakkesendar eller satellitt).

Breiband: I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med teoretisk mogleg overføringskapasitet ved nedlasting frå nettet til den lokale brukaren høgare enn 128 kbit per sekund.

Bedriftskunde: Bedrift, føretak, organisasjon, institusjon eller offentleg verksemd.

Privatkunde: Hushald og privatpersonar. Omfattar og faste koplingar i fritidsbustader.

Overføringskapasitet (nedlasting): Den teoretisk moglege rekna i kilobit / Megabit per sekund.

Inndelinga i grupperingar for overføringskapasitetar (nedlasting) er f.o.m. 1. kvartal 2017: 
> 128 kbit/sekund =< 4 Mbit/sekund
> 4 Mbit/sekund =< 8 Mbit/sekund 
> 8 Mbit/sekund =< 16 Mbit/sekund 
> 16 Mbit/sekund =< 32 Mbit/sekund 
> 32 Mbit/sekund =< 64 Mbit/sekund 
> 64 Mbit/sekund =< 128 Mbit/sekund
> 128 Mbit/sekund =< 256 Mbit/sekund
> 256 Mbit/sekund =< 512 Mbit/sekund
> 512 Mbit/sekund =< 1024 Mbit/sekund
over 1024 Mbit/sekund

Standard klassifikasjonar

Fylke og kommune.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Kommune.

Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis. Tal for slutten av eit kvartal publiserast innan utgangen av neste kvartal.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Filer med kontrollerte og reviderte rådata vert lagra og kan gjerast tilgjengeleg for forskarar. Ferdig koda produksjonsdata på kommunenivå vert lagra i Statistikkbanken og er tilgjengeleg for alle.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med undersøkinga er produksjon av detaljert regional informasjon om kvaliteten på infrastrukturen som formidlar tilgang til Internett til bedrifter og privatpersonar. Statistikken vart fyrste gong publisert for 1. kvartal 2002. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har støtta utviklinga av undersøkinga økonomisk.

Brukarar og bruksområde

Statistikken vert også brukt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og media.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Gjennom utvalsundersøkingane "Bruk av IKT i husholdningene" og "Bruk av IKT i næringslivet" produserer Statistisk sentralbyrå statistikk om IKT-bruk blant privatpersonar og føretak. Sjølv om tala ikkje kan samanliknast direkte, er statistikk frå Internett-målinga eit supplement til dei to undersøkingane. I desse to undersøkingane er breiband definert annleis enn i Internett-målinga.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) bruker den same definisjonen av fast breiband. Deira eKom-statistikk skal gje om lag same totale tal for dei to marknadene delt på dei ulike teknologiane. eKom-statistikken har ikkje opplysningar om abonnementa fordelt etter geografisk område. Derimot inneheld eKom-statistikken tal for mobile breiband, som ikkje er dekt av denne statistikken.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2 og 2-3.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Populasjonen for undersøkinga er alle føretak som leverer fast tilgang på breiband til Internett til sluttbrukarar i Noreg og Svalbard. Bibliotek, Internett-kafear, verksemder som tilbyr ulike former for mellombels Internett-tilgang via heimesider og liknande er ikkje inkludert i populasjonen. Leverandørar av mobilt breiband er ikkje med i undersøkinga. Statistikken omfattar frå og med 4. kvartal 2006 abonnement tilbydd av alle slag internettleverandørar. Det gjeld og gratis tilgang til breiband via kommunen.

I Noreg har føretak som leverer tilgang til Internett til sluttbrukarar (bedrifter og privatpersonar) ikkje registreringsplikt. Det er såleis mogleg at enkelte mindre leverandørar av Internett-tilgang ikkje vert dekt av undersøkinga. Det kan særleg gjelde små, lokale kabel-TV selskap som også leverar Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjera statistikken fullt ut dekkjande held fram.

Populasjonen vert i starten avdekt gjennom kontakt med NIX (Norwegian Internet Exchange), den internasjonale organisasjonen RIPE NCC (Réseaux IP Européens Network Coordination Centre) og studiar av bransjemedia. NIX, som er eigd og drive av Universitetet i Oslo, er to samtrafikkpunkt for utveksling av trafikk på Internett. Leverandørar av Internett-tilgang tilkopla NIX har høve til å inngå avtalar med såkalla "virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang om vidaresal av Internett-tilgang. "Virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang leiger infrastruktur av andre. Opplysningar frå Internett-leverandørar tilkopla NIX gjer det mogleg å lokalisera "virtuelle" leverandørar av tilgang til Internett. Informasjon om leverandørar av Internett-tilgang registrert hjå RIPE NCC supplerer data innhenta frå NIX. RIPE NCC er ein organisasjon som tildeler leverandørar av Internett-tilgang adresser på Internett.

Næringa som leverer Internett-tilgang har ein ustabil struktur. Det gjer systematisk innhenting av informasjon frå bransjemedia, bedrifts- og føretaksregisteret og frå Internett naudsynt for å tilpassa populasjonen til endringar som samanslåingar og nedleggingar eller nye aktørar. Det er etablert eit samarbeid med Post- og teletilsynet om oppdatering av populasjonen.

Datakjelder og utval

Data vert henta inn elektronisk via Altinn frå leverandørar av Internett-tilgang.

Totalteljing av alle norske leverandørar av Internett-tilgang til sluttbrukarar.

Utvalet blir oppdatert omtrent årlig basert på tilbakemeldingar frå oppgåvegjevarane, oppfølging av einingar som rapporterer til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, søk i SSBs Virksomhet- og foretaksregister og søk på Internett. Nokre mindre frittståande einingar som tilbyr kabel-TV kan mangle.

Datainnsamling, editering og beregninger

Kvartalsvis datainnsamling som tar til i starten av neste månad. Frist for innsending er tre veker. Data vert overført frå oppgåvegjevarane i Excel, flat fil i ASCII-format eller XML. Frå 2009 har innleveringa skjedd via Altinn. Små leverandørar rapporterar kun ein gong i året, i 3. kvartal, for å minske oppgåvebyrden deira. Tala dei sender inn i 3. kvartal blir brukt i dei neste tre kvartala. Vi har rekna ut at dette gir minimale utslag på tal om gjennomsnittshastigheit og utbreiing.

Innkomne data vert samanlikna med data frå føregåande kvartal for kvar oppgåvegjevar. Store avvik vert kontrollert, og om naudsynt vert oppgåvegjevar kontakta. Samstundes vert ugyldige postnummer kontrollert. Når alle data er registrert vert tal for kvar kommune samanlikna med tal for føregåande kvartal. Årsaka til store avvik vert undersøkt.

Talet på privatkundar per 100 hushald vert rekna ut for kvar kommune, fylke og for landet. Talet for hushald er frå og med 4. kvartal 2006 henta frå årleg registerbasert statistikk over hushald.

1. kvartal 2017 fekk undersøkinga nye hastigheitskategoriar, for å ta høgde for stadig raskare breiband. Dette gjer at gjennomsnittshastigheiter frå 2017 ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Den gamle inndelinga fanga ikkje tilstrekkeleg opp dei svært raske breibanda, som har kome gradvis dei siste åra. Mellom 4. kvartal 2016 og 1. kvartal 2017 vart fire av dei lågaste hastigheitskategoriane slått saman til éin kategori (128 Kbit/s til 4 Mbit/s) og det vart lagt til tre nye kategoriar over den som tidlegare var raskast (128 Mbit/s og opp).

Den gamle inndelinga var frå 4. kvartal 2008. Den gjorde det mogeleg å rekne ut medianverdien og gjennomsnittet for abonnementa. Ved utrekningane vert det føresett at abonnementa i kvar hastigheitsgruppe delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Desse indikatorane på kvalitet er og rekna ut tilbake til 2004. For åra 2006 til ny inndeling kom i 2008 er desse utrekningane mindre sikre.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det er ikkje publisert tall for kommunar med færre enn 10 abonnement.

Samanlikningar over tid og stad

Definisjonen for breiband blei frå og med 4. kvartal 2004 endra. Publiseringane før dette kan dermed ikkje samanliknas med nyare publiseringar. For nokre av dei viktigaste variablane finst det ubrotne tidsseriar frå 1. kvartal 2002. Statistikken vart fyrste gongen produsert i 2002.

Avgrensinga til berre kommersielle leverandørar vart oppheva frå og med 4. kvartal 2006. Dette gjev store utslag i tala for kommunane Modalen og Tranøy.

Mobilt breiband blei tatt ut av undersøkinga frå og med 4. kvartal 2008. Tal for mobile breiband blei tatt ut og alle tal tilbake til 3. kvartal 2006 er korrigerte.

Ny inndeling av hastigheit frå 4. kvartal 2008 gjer at direkte samanlikning for alle grupper av hastigheit ikkje er mogleg før og etter dette brotet.

1. kvartal 2017 kom det ei ny endring i inndelinga av hastigheit, som gjer at direkte samanlikning av gjennomsnittshastigheit mot tidlegare kvartal ikkje lenger er mogleg. Medianhastigheita vart ikkje påverka av endringa, og kan samanliknast direkte mot perioder frå 4. kvartal 2008 og utover.

Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Kommunar med mange fritidsbustader kan difor få svært høge tal for privatabonnement per hushald.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Internett-leverandørane fordeler abonnementa geografisk på postnummer. Alle gyldige postnummer har ein kopling til minst ein kommune. Nokre av postnummera er forelda eller ugyldige. Dersom det ikkje er tvil om intensjonen til oppgåvegjevaren, vert postnummeret kopla til riktig kommune.

Nokre postnummer går på tvers av kommunegrenser og i slike fall vert ein av kommunane valde. Dette kan føre til mindre feil i delinga av abonnementa mellom kommunar. Nokre få feil i delinga av abonnementa mellom postnummer og dermed kommunar har blitt oppdaga. Når slike feil oppstår eller vert korrigerte kan det gjere store utslag på talet på abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.

Leverandørane av Internett-tilgang skil mellom bedrifts- og privatkundar. Ei bedrift må betala ein høgare pris for Internett-tilgang enn privatkundar, men mottek også betre kvalitet på tenesta. Nokre småbedrifter vel av kostnadsomsyn å bruka privatabonnement. Det kan såleis skjula seg bedrifter bak tala for privatkundar.

Arbeidstakarar med heimekontor får ofte tilgang til Internett heime via oppkoplinga til føretaket. Det tyder at fleire har tilgang til Internett i heimen enn talet på privatabonnement indikerer. Internett-leverandørane nyttar faktureringsadresser til å finna den geografiske lokaliseringa til kundane. For bedriftskundar med fleire geografiske lokaliseringar tyder det at berre ein av dei vert innrapportert. Til dømes vil bedrifter med faktureringsadresse i Oslo og avdelingar andre stader oppførast med eit abonnement utelukkande i denne byen.

Somme internettleverandørar gjev kundar tilbod om online registrering av abonnement. Det skaper utryggleik for kvaliteten på data om den geografiske lokaliseringa. Dersom det ikkje finst andre utvegar, vert oppgåvegjevarane bedne om å gje overslag. Abonnement som det ikkje er mogleg å stadfesta, vert klassifisert som "Uspesifisert".

Endringar i marknaden med fusjonar og oppkjøp eller overføring av kundar mellom føretak kan gje opphav til feil som til dømes dobbeltregistrering av abonnentar. Slike feil er avdekka for store leverandørar nokre få gongar. Korrigerte tal er publiserte.

Målt i høve til den totale mengda respondentar ligg svarprosenten på om lag 95 prosent. Sidan fråfallet berre inkluderer mindre leverandørar av Internett-tilgang, utgjer innleverte data truleg nær 100 prosent av den totale marknaden. Manglande data vert imputert med tal frå føregåande kvartal.

Registerfeil: Sidan føretak som leverer Internett-tilgang til sluttbrukarar ikkje har registreringsplikt, må SSB gjennom ymse kjelder skapa eit register. Det er mogleg at dette registret ved enkelte høve ikkje er oppdatert. Dette kan medføra underdekking.

Revisjon

Ikkje relevant